Trygge barn i vatn
På avdeling Indigo i Solsida barnehage er eit av måla for det pedagogiske arbeidet at ungane skal verte trygge i vatn. Kvar veke reiser ei gruppe på 6-7 barn og 2 vaksne på bading i symjehallen på Førdehuset.
Plassering i kart
Kompetent instruktør
Pedagog og babysymje instruktør Irene Langeland er oppteken av at borna skal verte tidleg trygge i vatn. Ho har sjølv alltid hatt mykje glede av bading/symjing, og ynskjer å dele denne interessa med borna. I tillegg understrekar ho at det er viktig for eigen tryggleik å meistre situasjonen dersom ei ufrivillig skulle hamne i vatnet. I 2009 kunne 7 av 10 barn symje ved skulestart.
Bading skal vere kjekt
Borna skal alltid ha det kjekt på bading! Ingen vert pressa til å prøve noko dei ikkje vil, og nye ferdigheiter skal leikast inn etterkvart som borna er klare. Alle skal forlate symjehallen med meistringskjensle og eit ynskje om å komme att.
Tilpassing
For at opplegget skal passe best mogeleg, delar Irene borna inn i grupper etter nivå. Ein symjetime startar alltid med samling. Her syng ein sangleikar, som t.d. «Båtane på havet», betre kjent som «Hjulen på bussen, og «Har du hørt historien om de tre små fisk». Til sangleikane er det røyrsler som er tilpassa nivået i gruppa. Til dømes kan klapping på vatnet slik at ein sjølv forårska sprut i ansiket vere ein variant, medan på neste nivå legg ein inn dukking av fjeset under vatn. Neste del i økta kan vere «halde i kanten på bassenget og sparke øvingar», flyte øvinar, «hoppe uti» øvinar eller dykke øvingar. Til slutt får barna velgje fritt kva dei ynskjer å gjere meir av.
Kommunikasjon
Dei vaksne må vere medvitne om kva signal dei sender ut til barna. Dersom eit barn dett i vatnet og får hovudet under, må ein roleg få hjelpt barnet opp att og med positiv stemme formidle til barnet at no dukka du! Dersom den vaksne vert redd eller stressa og umiddelbart vil trøste barnet, så signaliserer ein at dette er farleg, og då vert barnet utrygt i situasjonen.
Stimulering av sansar
I tillegg til at bading er kjekt og gjev tryggleik gjennom meistring i vatn, får borna ein tredje gevinst, stimulering av sansar. Taktilsansen, berøringssansen, dekker heile kroppen og er ulike resepttorer som sit i huda vår. Desse registrerar varme, kulde, smerte, berøring og trykk. Taktilsansen vert ekstra stimulert i vatn, borna kjenner vatnet mot huda, dei kjenner motstanden vatnet gjev og temperaturen.
Vestibuarsansen, likevektsansen, gjer at vi er i stand til å halde balansen. Likevektsorganet sit i det indre øyre. Ved at veske strøymer forbi sansehåra i bueganger, kan vi registrere rørsle i alle retningar. Vestibuarsansen vert stimulert ved endring i tempo, stoppstart, og ved rotasjon. Vending vertikalt og horisontalt kring eigen akse er lettare å få til i vatn enn på land. Stimulering av denne sansen gjev betre balanse. Det at barn regelmessing får utfolde seg i vatn, vil vere med på å gje dei betre balanse og betre kroppskontroll.
Trygge barn i vatn av Elin Siv Hagen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.