Sidemeny+

Trudvang kino – liten formidlar av stor kunst!

Posted on 19. nov 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Det er eigentleg litt imot utviklinga elles i kino-Noreg at vesle Trudvang kino i Aurland held hovudet over vatnet. Men mykje takk vere at aurlendingane framleis møter trufast opp, rullar kulturen over lerretet i Aurland. 

Plassering i kart

Historia

Det heile starta seint på 1980-talet, då det som dengong heitte Aurland og Flåm kino vart lagt ned. Fram til då vart det vist kino både i Flåm og i kommunesenteret Aurland. I Flåm vart film vist i samfunnshuset, medan det på Aurlandsvangen gjekk føre seg i ungdomshuset Trudvang. Her vart det nytta 1 maskin i motsetnad til i Flåm, der det stod 2 maskiner. Visning med berre 1 maskin gjorde nødvendigvis at det vart ein eller fleire pausar undervegs. Dette hadde vel ein sjarm ved seg på den tida.
Men så sette aktive sjeler seg som mål å setja det ærverdige ungdomshuset i stand, og det låg i korta at kinodrift i begge bygdene ikkje lenger ville svara seg.
Valet for vidare kinodrift fall på Aurland og Trudvang. Aurland ungdomslag søkte Aurland kommune og Aurland sparebank om stønad til renoveringsarbeidet. Det skulle visa seg verta eit langt lerret å bleika. Men i 1992 stod «nye» Trudvang ferdig opprusta og innreidd til kinovisning og med flott scenerom til teater. Trudvang kino vart no kino for heile Aurland kommune.

Kinoen i lokalmiljøet

Sidan 1992 har film rulla jamnt og trutt over lerretet, og Trudvang kino har vonleg gleda mange. Kanskje har også nokre i ei mørk krå felt ei tåre eller to over M-posen når handlinga har vorte for opprivande.
Oppslutnaden frå det lokale kinopublikumet har vore merkbar, og besøket har dei siste åra vore jamn. For små kinoar er det stor stas å få tildelt norgespremiere. Trudvang opplever dette 2-3 gonger i året. Saman med den årlege nasjonale filmmønstringa Den Store Kinodagen, som går av stabelen første laurdag i november, gjev premiereoppsetjingar Trudvang kino positiv merksemd som er med på å auka interessa for kinoen og å rotfesta kino som kulturtilbod i bygda.

Skule- og barnehagekino

Gjennom året tilbyr Trudvang kino førestillingar til barnehagane og skulane i kommunen. Me skreddarsyr då tilbod til ynskt aldersgruppe og tema. Eit døme på dette vil du finna i lenkene til høgre på sida her.

Film som medium

Filmen har gjennomgått store endringar, både teknisk og som kunstart. Det ein kan sjå på som starten på historia til kinofilmen dukka opp i USA på 1890- talet. Blant de mange tekniske nyvinningane som Thomas Alva Edison stod bak, finn me kinetoskopet. Dette var eit titteskåp der ein kunne sjå levande bilete i sekvensar på under minuttet. Gjennom ein fonograf la ein til musikk som følgde handlinga.
Det er dei franske brødrene Lumiere som vert rekna som opphavsmennene til kinofilmen. Dei var dei første som viste fram film offentleg for eit betalande publikum.
Den første filmen var reine brannbomba, og då ikkje på grunn av bodskapen, men av tekniske årsaker. Materialet var så brannfarleg at ein måtte opptre med største varsemd når film skulle handsamast. Dagens film kjem i to versjonar, om ein kan sei det slik; 35 mm og digital. Det finst rett nok film i 70 mm format også, men dette er ikkje standard. Som det går fram av avsnittet nedanfor, har kinofilmen for lengst teke steget inn i digitaliseringa. Teknisk vil dette sei visning av film på ein avansert dvd, med digital lyd.
Politisk har film vorte brukt som medium langt attende. Nokre av Charlie Chaplin sine var til dømes ikkje utan politisk bodskap. I nyare tid er film som formidlingskanal for politiske meldingar stadig nytta. filminteresserte vil kjenna godt til amerikanaren Michael Moore, med blant andre filmen Bowling for Columbine. Den siste filmen hans har tittelen Capitalism – A love story.
Men film er sjølvsagt ikkje berre problematiserande. Det er kanskje det beste med dette mediet, – nemleg at du har så ufatteleg mange tema og retningar å velja blant.

Framtida for kinoen

Norske kinoar står framføre store endringar ved at kinovisning i framtida vil verte digitalisert. Dette gjeld også Trudvang kino. i løpet av dei to neste åra vil kinoen får nytt utstyr, både på lyd- og bildesida. Publikum vil koma til å merka dette på fleire vis. For det første ved at filmane vil ha premiere samstundes ved Trudvang kino som ved dei store kinoane. Men det ligg sjølvsagt også i utviklinga at bilde- og lydkvalitet vil verta vesentleg forbetra ved digital visning.
Kinosalen vil også kunne takast  i bruk ved digitale overføringar av andre kuturelle arrangement, som til dømes konsertar. Digitalisering av Trudvang kino og andre tilsvarande små kinoar vil derfor ha vesentleg tyding for utviding av kulturtilbodet i kommunen.
Det er liv laga for kinoen som ligg midtvegs mellom Bergen og Oslo!

CC BY-NC 4.0 Trudvang kino – liten formidlar av stor kunst! av Heidi Einarsdotter Brandshaug er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Horvei, 2009