Tømmer til tusen
På ein tur i Liamarka i Aurland hausten 2008 vart eg kjend med eit kulturminne. I det ulendte terrenget mellom gardane Li og Otternes går det ei rekkje renner i skogen; somme av dei heilt ned til fjorden eller no, E16.
Plassering i kart
Skogbeltet i Aurland
Når ein snakkar om skog i Aurland, tenkjer ein sjølvsagt først på lauvskog. Tømmerskog er det ikkje mykje att av, men han finst i indre delar av bygda, frå omlag 400 til 900 moh. Gardane Li, Vikesland, Otternes, Bjørgo og Tero når opp i dette skogbeltet.I tidlegare tider gjekk skogen heilt ned til sjøen. Restar etter kolmiler og namn som Tjøresva og Tjørahella tyder på det.Nyrydding, gardsbruk og feal kan ha vore med på å rydda ut furuskogen nærast fjorden.
Tømmerløype eller vedaløypeFor å nytta den verdfulle ressursen, brukte bøndene naturlege renner eller løyper i terrenget. Ei slik løype er ei open glenne der det vart teke ned tømmer og ved frå furuskogen. Løypa kunne og nyttast til å dra ned lauvrauk.
Handemakt og hestekraft
Nesten alt arbeid med løyping føregjekk med handemakt. Drottenål er ein splint eller ein kile med hol i der det er festa eit 1,5 – 2 m langt tog. Drottenåla vart slegen inn i enden av stokken. Toget la ein over skuldra og drog i veg. Dette var noko ein gjorde der tømmeret måtte dragast, men mange stader gjekk det av seg sjølv. Løypinga måtte sjølvsagt tilpassast veret. Frosen mark med litt snø gjorde gjerne at det gjekk alt for fort.
Tømmeret var som oftast hogge eit halvt år i førevegen og hadde lege og tørka med topp. Rotstokkane kunne ikkje vera for lange om ein skulle klara å handtera dei. Det kunne vera ein mann i kvar ende når dei drog. Oppe i furuskogen der lendet ikkje var så bratt, kunne ein nytta hest med drog.
Ved og lauv i løypa
I somme løyper var det stup der tømmeret kunne slå seg av eller stokkane vart kløyvde. Tog med drottenål og handspik var det ein brukte ved tømmerløyping. Handspik er ein stokk som blir brukt som spett ved skoging. Ved vart bunta saman i ein passande storleik og kasta nedover.
Oppom Li er er det t.d. nokre løyper som vart nytta til å dra ned lauv etter når det var snøføre. Hadde ein først fått laga spor i snøen, gjekk det mykje lettare neste gong. Det var mykje lauving før i tida. Lauvet vart lagra i rauk kringom i markene og det var eit heilt arbeid å få desse heim på tunet.
Over fjorden til Fronnes
Tømmer som vart løypt ned frå skogen, enda på fjorden. Der blei stokkane bundne saman til ein flåte og rodde over til Fronnes. Rundt år 1900 kom det opp ei sag der. Saga gjekk med vasskraft. Det blei murt ei nokså svær veit som tok vatn frå storelva. Denne veita syner godt den dag i dag.
Flåmsvegen
I 1918 opna vegen mellom Aurland og Flåm. Då vart det meir problematisk med løypinga. Løypa som kjem ned i Nautaviki, omlag midtvegs mellom dei to bygdene, blei noko endra. Det vart bl.a. lagt opp murar som som skulle styra tømmeret i rett retning. Under sjølve vegen vart det laga ein tunnel slik at ein kunne dra tømmeret ut under vegbana. Restar av den eine muren kan ein framleis sjå rett over E16.
I seinare tider
Under krigen vart Fronnessaga flytt over fjorden og sett opp att på Lialandet. Då vart tømmeret berre løypt ned til vegen og henta med bil eller traktor og køyrt til saga.
I syttiåra kom vegen til Li og Vikesland. Etter det vart det slutt på løypinga.
Mange løyper eller gåter
Mellom Li og Otternes kan ein telja i alt sju løyper eller gåter. Dei to første er Gravagåta og Storegåta. Desse vart nytta til ved – og lauvtransport. Ei gåte kjem ned ved Kvena, rett sør for husa i Li. Markabergløypa startar i furuskogen og kjem ned på Lægedn og Klovningen. Nautavikløypa går og frå furuskogen og endar som namnet seier i Nautaviki. Den sjette løypa kjem ned på Bøen og den siste går frå Sleppen til Lundsåkeren, også det på Bøen.
Generasjonane før oss har lagt ned eit ufatteleg slit i desse løypene. No er det berre å håpa at dette spennande kulturminnet kan bli teke vare for komande slekter.
Tømmer til tusen av Ingrid Almenningen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.