SUNNE BARNEHAGAR I HØYANGER KOMMUNE

Vidare arbeid med temaet FISK. Her har vi klipt og mala ein papptallerken.
Olderdalen barnehage i Høyanger har saman med dei andre barnehagane i kommunen hatt eit auka fokus på sunt kosthald dei siste åra. Dette er i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer for mat og måltider i barnehagen, som har vore ein god veiledar og eit viktig utgangspunkt. Vi har gjort enkle endringar i det kvardagslege kosthaldet, samtidig som vi ynskjer å presentere meir fisk på menyen.
Plassering i kart
KVA GJER VI I OLDERDALEN?
Vi serverar variert frukt som mellommåltid 2 gongar kvar dag. Til lunsj serverar vi grovbrød og grove knekkebrød, pålegg og mjølk. Makrell i tomat tilbys alltid. Vi har elles introdusert pålegg som kokt skinke, kylling/kalkun skinke, og kylling postei. Grønsaker som paprika, agurk og tomat tilbys alltid, samt oppdelt frukt. Vi har byta ut lett mjølk med ekstra lett mjølk, då den inneheld B-vitamin og mindre fett. Vatn tilbys som tørstedrikk mellom måltida, ved fruktmåltid samt ved sida av lunsj måltidet. Bursdagsfeiringar skjer med god mat. Barna får velje seg eit middagsmåltid eller grovbakst frå ein meny perm.
FISKESPRELL
Korleis få barna til å ete meir fisk? FISKESPRELL! Alle barnehagane i Høyanger kommune har dei to siste åra fått tilbod om å delta på fiskesprell kurs. Dette er eit flott tilbod frå kommunen, som har blitt positivt motteke av barnehagepersonalet. Alle barnehagane har vore representerte på kurs. Olderdalen barnehagen hadde i haust 3 assistentar på deltakarlista. Dette kurset har gidd oss inspirasjon til å lage ulike fiskemåltid samt å arbeide vidare med temaet FISK.
- Olderdalen barnehage i Høyanger
- Bursdagsmeny
- Bursdagsmenyen vår, eksempel på nokre av rettane barna kan velje.
- Bursdagsmeny perm
- Fiskemåltid.
- Vidare arbeid med temaet FISK. Her har vi klipt og mala ein papptallerken.
SUNNE BARNEHAGAR I HØYANGER KOMMUNE av Sandra Haaheim Nesset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.