Sidemeny+

STORT FUNN

Posted on 24. nov 2009 by in Kulturarv

Flyfoto

Arkeologar avdekka gamal handelsplass på Nordre Bjørkum i Lærdal
"Me er sikre på at det har foregått omfattende produksjon av gjenstander her". Seier prosjektleiar Morten Ramstad. 

Plassering i kart

Utviding av utgravinga
I løpet av ein tidleg fase i flateavdekkinga i juni 2009 vart det påvist eit svært stort tal ulike former for strukturer, gode bevaringsforhold for organisk materiale og ei rekke gjenstandar i metall og gevir.
Ut i frå desse funna søkte prosjektleiar Morten Ramstad og Asle Bruen Olsen (seksjonsleiar for ytre kulturminnevern ved Bergen Museum) om ei kraftig utviding av utgravinga og auke i budsjettramma. Riksantikvaren i Oslo, fagdirektoratet gav løyve og midlar til vidare utgravingar på Bjørkum i midten av september. Arkeologane heldt fram til midten av november 2009.
Buplass
Arkeologane fann minst sju, to – og treskipa små hus. Dette er ein type hus der taket blir halde oppe av ei/to stolperekke(r) midt i huset og to sideveggar. Stolperekka deler huset i to/tre, derav namnet. Dei fann òg rundt 15 sikre grophus. Totalt har dei avdekka rundt 30 ulike hus, då permanente stolpehus og hus for ulike typar av produksjon. Desse vart brukt til smie og uthus. I tillegg til dette fann dei ei rekke mindre markerte strukturer etter lettare konstruksjonar som telt, bodar, skjul og liknande. Dei fann òg eit stort tal andre strukturer slik som eld og kokegroper, møddinger og andre opptennings- plassar.
I tillegg til Langhus hadde dei òg mindre hus på tunet. Desse vart brukt til smie og uthus.
Husflids- og handverksproduksjon
Det synte seg at det hadde vore stor aktivitet på området.
Spinnehjul, vevlodd, skyttel, nåler, emne til produksjon av kam, plate til nåler, emne til overliggar og rester av tekstilar tyder på at det har vore ein husflids- og handverksproduksjon på Nordre Bjørkum i tida rundt 800 e.kr.
Råstoff, reiskap og smykke
Ein ser av funna at dei var dyktige handverkarar.
Eit utval bryner, eit stort utval av jernknivar, ulike former for små reiskap av jern, pilspissar, celtøks, nøkkel, ”bissel”, blylodd, nål med ornament/ kniv med hovud av dyr og spelebrikker er funne. Eit stort utval av perler i glas og rav er funne. Dei finn ikkje noko som kan tyde på at dei har produsert dette her på staden. Noko som igjen er med på å forsterke at dette har vore ein handelsplass.
Osteologisk materiale
Omfattande og svært variert osteologisk materiale er påvist, med ei rekke halvfabrikata emne og gjenstandar i bein og gevir. Dette materialet var også svært rikt på fiskebein. Det vitnar om eit svært stort konsum av husdyr som storfe, sau, geit og gris. Det vart også funne spreidde deponeringar med hestebein.
Mellom anna vart det funne mykje laks, men også eit stort materiale av torsk og sild.
Bein i arkeologiske funnkontekster er rester etter aktivitet hjå menneske. Beina kan vise oss sider av samfunnslivet som rester etter reiskap og buplassar ikkje kan. Ein kan difor ved hjelp av osteologisk materiale belyse andre aspekt enn ein kan ved dei funna som tradisjonelt vert brukt i arkeologiske undersøkingar.
Mat
Dei fann mange kvernsteinar som tyder på at dei hadde behov for å lage ei stor mengde med mjøl, som går langt ut over det ein kan forvente på eit gardsbruk. Mange beinfunn tyder på at dei har hatt eit stort konsum av slaktedyr.
Eit stort tal fiskebein er òg funne. Ein reknar med at dei bytte til seg fisk mot andre varer dei ikkje hadde tilgang på.
Mesteparten av trematerialet er ikkje bevart fordi det har rotna. Derimot er det svært gode bevaringsforhold for bein og metall.
Gravstad
Arkeologane fann ikkje nokon gravstad under utgravingane. Dette er med på å bekrefte at det ikkje har vore ein fast buplass, men derimot ein handelsstad der dei samla seg for å selje og byte til seg varer av ulike slag.
Kaupang
Funna tyder på at dette har vore ein marknad eller handverksstad der vikingane samla seg korte periodar i året. Arkeologane trur det kan vera alt frå eit par veker til eit par månader. Morten Ramstad seier ein kan jamstilla det med marknaden i Lærdal.
Radiologiske dateringar
Eit stort tal radiologiske dateringar ligg føre. Når arkeologane har gått gjennom dette materialet vil dei med sikkerheit kunne seia noko om funna på Nordre Bjørkum.

CC BY-NC 4.0 STORT FUNN av Gro Bjørkum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gro B.Bjørkum og Marianne Bjørketun. 2009
Kjelder: Morten Ramstad, prosjektleiar.