Språkleik i barnehagen

Lunden barnehage
Lunden barnehage i Naustdal er ein fire avdelings barnehage i Naustdal kommune. Grunnlaget for arbeidet vårt er dei sju fagområda i rammeplanen. Vi vektlegg og har tyngdepunkt i kvart fagområde i 1-2 månader kvart år. I tillegg har Naustdal kommune bestemt at vi skal satse på språk og språkutvikling som eit gjennomgåande tema for dette barnehageåret.
Plassering i kart
Kvardagsaktivitetar
Korleis viser det gjennomgåande satsingsområde att? På leit etter kvardagsaktivitetar gjekk eg rundt på avdelingane for å sjå kva eg kunne finne som fell inn under språk og språkutvikling og då gjerne med vekt på bokstavar. Dette gjorde eg eit par dagar til litt ulike tidspunkt. Kva fann eg? Eg fann mykje. Det var barn som teikna og skreiv namnet sitt eller namnet på andre i familien eller berre bokstavar som dei kunne. Dei leika med magnet bokstavar på kjøleskåpet og dei spelte lotto. Rundt på vindauge, veggar og dører hang store og små bokstavar og ordbilder av kvardagslege ting.
Lese- og skriveførebuande aktivitetar
Konklusjonen min etter desse rundene var at ja, vi arbeider meir med språk i år enn kva vi har gjort ein del føregåande år. Det eg vil fram til er at det er viktig å legge til rette for språkstimulering og språkleik i barnehagen. Vi har kjøpt inn spel som "rim lotto" og "junior alias". Vi nyttar leselister for å sikre oss at alle barn blir lest for i løpet av ein periode, til dømes ei veke. Når ein les til barn er det viktig å snakke om det ein les og dei eldste barna kan prøve å gjenfortelle boka. Med dei eldste barna lyttar vi ut første lyden i ordet, kva er første lyden i lys, sol, vase og så vidare. Vi arbeider med å klappe stavingar i ord og finne ut kva som rimar. Alt dette er god lese- og skriveførebuande trening og det er viktig at det blir lagt til rette for at barna får erfaringar og opplevelsar med ulike sider i språket vårt, skriftleg så vel som munnleg.
Leik i dokkekroken
Tidlegare hadde vi ein dokkekrok på kvar av dei store avdelingane, etter litt omorganisering har vi no ein dokkekrok der barna frå begge dei store avdelingane kan vere saman og leike. Det vi ser er at når vi har ein dokkekrok inneheld denne meir inventar, utstyr og rekvisittar til leik enn kva dei gjorde når vi skulle dele utstyret mellom to avdelingar. Dette er med på å gje barna eit betre utgangspunkt for å halde liv i leiken over lengre tid, noko som igjen kan føre til meir språktrening. Leik i dokkekroken der vi vaksne leikar saman med barna er ein flott måte å drive begrepstrening.
Dette er nokre eksempel på korleis ein kan gå fram når ein ynskjer å arbeide med språk og språkutvikling. Det finst mykje litteratur om emnet både i bøker og på nett. Treng de matriell for å kome i gong, sjå her.
- Lunden barnehage
- På døra vår heng bokstaven til alle på avdelinga.
- Namnet mitt tek til på E
- Teikning og skriving
- Bokstavar/ordbilder på vegg
- Bokstavane til barna på småbarnsavdeling
- Bokstavar/ordbilde/bilde på vegg
- Bokstavane til barna på småbarnsavdeling
- Å leike med bokstavar er kjekt
- M er min bokstav
- Kva er skilnad på tal og bokstavar?
- Kva er skilnad på tal og bokstavar?
Språkleik i barnehagen av Kirsten Kongsvik Lien er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.