Skulen som nekta å døy
Industrireisinga i Årdal førte til store omveltingar i bygda. Det gamle jordbrukssamfunnet forsvann, og med det alle gamle spor etter det som hadde vore. Eit av dei få kulturminna som står att frå denne tida er Farnes gamle skule.
Plassering i kart
Skulen er det siste offentlege bygget frå det gamle Årdal før industrireisinga tok til. Bygningen vart reist i 1918, og var skulerom for alle elevane på Farnes fram til 1961. I 1957 flytta dei yngste elevane inn i nytt skulebygg, medan dei eldste flytte over til den nybygde Øvre Årdal Ungdomsskule i 1961. I 1965 vart det starta forsøksordning med yrkesskule i handel- og kontor i bygget, dette varte fram til 1980 då den vidaregåande skulen fekk eige skulesenter. På 80-talet stod skulen stort sett tom.
Sanering
Skjebnen til huset hadde vore diskutert ei tid. Mange meinte at bygget måtte rivast. Formannskapet og kommunestyret gjekk i 1990 inn for å løyva pengar til eit syningsenter i det gamle skulehuset, men sterke krefter i kommunen ville riva skulen. Saka kom difor opp på ny i 1992. Kommuneleiinga, saman med politikarane, vedtok at bygningen skulle rivast. Det «øvste maktorganet», representantskapet i Arbeiderpartiet, bestemte at alle dei folkevalde i partiet skulle stemme for riving då saka skulle handsamast i kommunestyret. Iltre røyster i bygda samanlikna dette med tilstanden i Aust-Europa på slutten av 80-talet, og bygdefolket mobiliserte for å redda skulen.
Mobilisering
Det vart skipa ein organisasjonskomitè for bevaring, og det vart lagt ut underskriftsbøker i heile bygda. Totalt vart det samla inn over 2300 underskrifter. Engasjementet blant lokalbefolkninga vakte stor oppsikt og fylte opp mange spaltemeter i avisene. På eit folkemøte i april i 1992 møtte det fram over 1000 menneske for å slå ring rundt skulen. Slik merksemd hadde saka no fått, at den til og med fekk dekning i NRK fjernsyn. Ein del av avisinlegga finn du her (stor fil, kan ta litt tid før du får lasta den opp)
Skulen redda
Lagnaden til bygningen vart avgjort i eit kommunestyremøte i april1992. Politikarane vart fristilt, og kommunestyret vedtok med 23 mot 6 røyster at skulen skulle overdragast til syningsenteret. Kommunen skulle trekka seg ut. Kommunstyret løyvde ein eingongssum på 1,5 millionar kroner øyremerkt til restaurering av Årdal syningssenter, men fastslo og at kommunen si tilknyting til huset fall bort. Etter nærmare 12000 dugnadstimar var huset klart for innflytting i 1996.
www.skulenett.no/eway/default.aspx
www.nrk.no/sfj/leksikon/index.php/%C3%85rdal
Skulen som nekta å døy av Tor Olav Veeheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.