Sidemeny+

Ridande Vossabryllaup

Posted on 18. nov 2009 by in Immateriell kulturarv

Fram til om lag 1900 var skikken på Voss at både kvinner og menn reid i brureferd både til og frå kyrkje.
"Det skrider framom eit brudlaupsfylgje
med koneskaut og med gylte sylgje,
og blanke hestar med folk i salen.
Eit vakkert opptog i bygdedalen."
Slik er fyrste verset av diktet "Ridande vossabrudlaup" av Arnfinn Gjeråker.
 

Plassering i kart

Oppattaking av tradisjon
Denne tradisjonen tok dei fram att på Voss i 1921. Årsaka var at kunsthandverkaren Magnus Dagestad ville laga eit monument om skikken ridande vossabryllaup og spelemannen Ola Mosafinn. Bilethoggaren Nils Bergslien fekk oppgåva. Modellen vart laga på Voss og støypt i Bergen.

Avduking av minnesmerke på Lindehaugen
I samband med at monumentet skulle bli avduka arrangerte Voss ungdomslag eit ridande vossabryllaup. Avdukinga fann stad på Lindehaugen den 19. juni 1921.
Monumentet er no flytt til sentrum på grunn av vegutbygging.

Utskjæringane på Voss folkemuseum
Etter at monumentet «Ridande Vossabryllaup» stod ferdig på Voss i 1921 skar treskjæraren Gulleik Brekkhus ut eit brudefølgje i bjørk. Han brukte tre år på dette, og i 1925 vart denne utskjæringa synt fram på Vossevangen. Voss folkemuseum er no eigar av denne utskjæringa.

Framsyning av tradisjonar
Voss har ei eige nemd for Ridande Vossabryllaup, og er den einaste bygda i landet som har utstyret som trengst for å skipa til eit slikt bryllaup.
Ridande Vossabryllaup har vore framsynt fleire gonger sidan 1921. Fleire gonger på Voss, men og i Oslo, Bergen, USA, Island og under opningssermonien på Lillehammer. Sjå oversikt her.
Det har ikkje vore ekte slike bryllaup sidan år 1900, men i sommar var det eit par som ynskte å gifta seg slik. NRK laga program av dette bryllaupet; «Ja, vi elsker».

Brurefylgjet

Fremst i fylgjet
Etter gamalt skulle det vera føreridarar fremst i brurefylgjet. Dei skulle ha raske hestar. Oppgåva deira var å ri i førevegen til bryllaupsgarden. Dei skulle henta brennevin, eit kjerald med øl og graut som alle skulle smaka. Då fylgjet nærma seg garden skaut dei tre skot.
Bak føreridarane kom fedrene. Bak dei att kom spelemann og kjømeister. Spelemannen spelte heile vegen både til og frå kyrkje. Her kan du høyra springaren Bjølleslåtten av Ola Mosafinn som vanlegvis vart spelt i slike høve.

Brureparet
Brureparet hadde åklede over salseta på hestane. Hestetypen skulle vera Blå dølahest, som er ein sjeldan hesterase i dag. Hestane deira skulle vera skodde på alle føtene og meir pynta enn dei andre. Gjerne med ”ormabeitl” og bjøllekrans.
Brura skulle ri i vanleg sal. Dersom brurefylgjet skulle ri langt, reid ho først med ein brodert brurehatt. Kruna vart først teken på då dei nærma seg kyrkja.
Då brura sat på hesten var dosa oppbutten. Den vart butten opp og festa rett under sylvbeltet, slik at den raude understakken og sylvbeltet var synleg. Brura hadde to forkle som skulle henga nedover på kvar si side av hesten. Eit kvitt med hardangersaum og eit rosa småmønstra kalla ”Ljosaforkle”. Brudgomen skulle og ha brurehatt.

Bak brureparet
Hestesveinane reid bak brureparet. Dei hadde i oppgåve å sjå etter brurehesten og å passe brureteppe som brureparet skulle sitja på i kyrkja. Eine hestesveinen bar teppet inn i kyrkja og la det på brurestolane, den andre bar det ut att.
Mødrene, koner og jenter skulle sitja i tverrsal. Det var ein sal der dei sat sidelengs. Dei og skulle ha oppbutten doss slik som brura. Konene og mødrene skulle ha skaut, og jentene skulle ha fletta håret på ein spesiell måte. Etter gamalt var det ikkje alltid mødrene fekk vera med til kyrkje.
Bakst i fylgjet kom kjellarmenna. Dei hadde hest og kjerre med øltønne. Deira oppgåve var å passe ølet.

CC BY-NC 4.0 Ridande Vossabryllaup av Solbjørg Opheim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Solbjørg Opheim, 2009
Kjelder: Synneva Opheim Vossaboki bind 1 Avisa Hordaland www.vosskunstlag.com Vossingen "På friarføter" av Eirik Røthe Voss folkemuseum Wikipedia NRK Youtube