Sidemeny+

Reisa til mellomalderen

Posted on 18. nov 2009 by in Pedagogikk

Å læra ved å gjera stod i fokus då elevar i femteklasse ved Lærdalsøyri skule tok til å fordjupe seg i mellomalderen.

Plassering i kart

Innhald i prosjektet
Det var dei lokale skattane i Lærdal som var utgangspunkt då elevane i femte klasse ved Lærdalsøyri skule tok til å fordjupe seg i mellomalderen. Elevane skulle blant anna få kunnskap om Borgund stavkyrkje og korleis folk levde i mellomalderen. Opplegget var tverrfagleg, og la stor vekt på elevaktivitet.
Prosjektet var underbygd med faglege målsetjingar frå kunnskapsløftet. Dei mest sentrale kunnskapsmåla knytte seg til samfunnsfag og RLE, men også kunnskapsmål frå norsk, engelsk og kunst og handverk var viktige.
I tillegg til ein del skriftleg og praktisk arbeid på skulen var det lagt inn ekskursjonar i prosjektet. Som start på prosjektet fekk elevane ein tur til Borgund stavkyrkje og det tilhøyrande besøkssenteret. Vidare skulle elevane få prøve seg på korleis det var å gå i pilegrim. Som avslutning på prosjektet reiste klassen på besøk til De Heibergske samlinger på Kaupanger.

Arbeidet på skulen
Elevane hadde god oversikt over kva som var venta av dei i løpet av prosjektet og gruppearbeidet. Dei fekk utlevert eit skriv som sa noko om kva ein forventa i høve skriftleg arbeid, omfang, framføring, samarbeid i gruppa og det samla produktet ein forventa at kvar gruppe skulle komma fram til.
Nokre fag som matematikk, kroppsøving og symjing gjekk som normalt, elles var det ”mellomalderprosjekt” som stod på planen.

Elevane fekk ein del sentrale problemstillingar med mellomaldertema som dei skulle velje mellom og finne svar på
I klasserommet arbeidde elevane individuelt med desse emna.

Elevane var delt inn i grupper. Kvar og ein på gruppa skulle velje seg tema frå mellomalderen og skrive litt om det. Vidare fekk elevane sitt eige område på ein vegg i gongen. Der vart det hengt opp ein blank plakat, som dei skulle male med tema frå mellomalderen, og lime på skrive materiale frå emna dei hadde valt.
Vidare skulle elevane teikne kvar sin figur med typiske klede frå mellomalderen, som og vart klypt ut og hengt på området på veggen.

Prosjektet gjekk over fire veker og mange fag var inkludert. I musikktimane fekk elevane prøve seg på å syngje salma ”Folkefrelsar” på latin. I kunst og handverkstimane arbeidde dei med å sy sine eigne mellomalderklede. I tillegg lagde dei kvar si brosje og pilegrimsstav. På desse stavane svei dei inn namna sine med runeskrift.
Å lære runeskrift var svært spanande for elevane. I friminutta lagde dei rebusar på tavla med runeskrift, som resten av klassen skulle løyse. Dette motiverte dei aller fleste til å lære seg tydinga av dei ulike teikna, og elevane vart etter kvart svært gode på å tyde runeskrift.

Elevane har til vanleg gloseprøve i engelsk kvar veke med gloser henta frå læreboka. Desse vekene var det gloser med ord frå mellomalderen som stod på planen. Elevane fekk og utlevert nokre kort med bilete og ord knytt opp mot mellomalderen. Desse tok dei utgangspunkt i og skreiv korte forteljingar på engelsk knytt opp mot bileta på korta.

Framføring av prosjektet
Nokre grupper valde å lage skodespel frå mellomalderen når dei var ferdig med det skriftlege prosjektarbeidet sitt. Då framføringsdagen kom fekk me sjå alt i frå tenestejenter til bøn og gapestokk. På desse framføringane kom det heilt tydeleg fram at elevane hadde tileigna seg mykje kunnskap om mellomalderen som dei hadde teke med seg inn i skodespelet.
Utanom denne framføringa skulle elevane og lese noko av det skriftlege arbeidet dei hadde gjort under prosjektet, i tillegg til at kvar gruppe skulle presentere sitt område på veggen.

Evaluering
Etter prosjektet var avslutta fekk elevane i lekse å skrive litt om korleis dei tykte prosjektet hadde vore. Dei fekk blant anna spørsmål kring kva som var kjekt og kva som var utfordrande med gruppearbeid, korleis det var å arbeide individuelt og om dei hadde lært noko i dette prosjektet. Jamt over verka det som elevane hadde hatt ei svært positiv oppleving i arbeidet med prosjektet. Det kjem heilt tydleg fram i både framføringar og det skriftlege arbeidet deira at dei har lært noko. Samstundes har det vore svært viktig at elevar som ikkje er så sterke fagleg har fått høve til å utfalde seg i praktiske aktivitetar og lære gjennom dette.
Til undervisningsopplegg utanfor skulen skapar stort engasjement  her
Til røykfylt årestove skapar mellomalderstemning her

Den lokale nettavisa vår skreiv ein artikkel om prosjektet vårt. her

CC BY-NC 4.0 Reisa til mellomalderen av Linda Kristin Gram er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gram, Linda Kristin 2009