Rallarmonumentet

Ruvande rallar
Ved innkøyrsla til sentrum i Øvre Årdal vert du møtt av ei stor statue i lys granitt. Rallarmonumentet vart reist til minne om dei som arbeidde på Tyinanlegget frå 1911 til 1940.
Plassering i kart
Monumentet er laga av bilethoggaren Odd Hilt og vart avduka av Einar Gerhardsen våren 1968. Monumentet består av to delar; sjølve "Rallaren" som ruvar på ei stor sokkel i framgrunnen og ei minnetavle som er plassert i bakgrunnen.
Skrivefeil!
Minnetavla bak Rallaren er todelt på den måten at øvst er det hogge inn scenar frå rallararbeidet. Under kjem det ein lang tekst som med rette kan seiast å vere "hoggen i stein". Dersom ein studerer denne teksten nøye, vil ein oppdage at det har snike seg inn nokre skrivefeil her. Då monumentet i si tid så og seie var ferdig, vart dette oppdaga og det gav grobotn for diskusjonar og mykje harme. Kven var skuld i feilen og kunne kunstverket i det heile tatt setjast opp? Ein kunne ikkje enkelt nytte viskelêr for å rette opp i dette. Enden på visa vart at monumentet står der den dag i dag med denne teksten:
ÅR 1968 REISTE BYGDEFOLKET I ÅRDAL
DETTE MONUMENT TIL HEIDER OG MINNE
OM DEI MENN SOM MED PRIMITIVE REID-
SKAP ARBEIDET VEGAR OG MILLANGE TUN-
NELLER I FJELLET PÅ TYINANLEGGET
I ÅRENE FRA 1911-1940
EIT SLITSAMT OG HART YRKE SOM VI VIL AT
ETTERSLEKTEN SKAL MINNAST I VYRDNAD
- Ruvande rallar
-
Rallarmonumentet i Øvre Årdal er todelt Foto: Randi Brekkecbn
- Rallarmonumentet består av to delar
- feil statue
- Ruvande rallar med sleggje i handa
- Små blomar er hogne inn i stabbesteinen bak rallaren.
- Scener frå anleggsdrifta
- Finn feil….
Rallarmonumentet av Randi Brekke er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.