Sidemeny+

Pilegrimsferd – ei vandring til Borgund stavkyrkje

Posted on 22. nov 2009 by in Pedagogikk

Foto: Linda Kristin Gramall-rights-reserved

Ved statuen av Kong Sverre

Ein del av pensum for RLE på mellomsteget seier noko om pilegrimar og pilegrimsferder. Me hadde difor lyst til at elevane skulle få prøve ein dag som pilegrimar.

Plassering i kart

Vegval
Å vandre i pilegrim vil seie at truande vandrar til ein heilag stad.
Sidan me hadde valt at Borgund stavkyrkje skulle vera hovudtema for vårt prosjekt om mellomalderen hadde me lyst til at pilegrimsferda vår skulle enda nettopp her, i Borgund stavkyrkje. Vegvalet vart difor ikkje vanskeleg. Sverrestigen er ein populær turstig som går frå Husum og opp til Borgund stavkyrkje. Det vert fortalt at stigen har fått namnet sitt fordi Kong Sverre rei langs denne ruta i 1177.
Førebuing
Elevane hadde førebudd seg godt til vandringa. Dei hadde sydd sine eigne klede frå mellomalderen og laga brosjer og pilegrimsstavar. I tillegg hadde dei arbeidd skriftleg med emne frå mellomalderen, deriblant hadde nokre av dei skrive om Kongar i Noreg, blant anna kong Sverre.
I forkant hadde elevane fått innsikt i kva det vil seie å vandre i pilegrim, og medan dei gjekk skulle dei tenkje på nokon som ikkje har det greitt, og som kunne trenge nokon som tenkjer på dei.
Vandringa
Vegen går i frå Husum og opp til stavkyrkja i bratte stigningar. Elevane gjekk på ei lang rekkje ikledd sjølvsydde klede og med pilegrimsstavar. Dei fekk ei kjensle av å verkeleg vera på pilegrimsferd. Undervegs møtte dei kjende fenomen frå mellomalderen, noko som gjorde ferda enda meir realistisk. Det fyrste som møtte dei oppi bakkane var ei klokkeklar røyst som kalla på dei ”kom til meg, kom til meg” Oppi skogen stod ei hulder med blå silkekjole og raudt langt hår og lokka, deretter sprang ho frå dei.
Ferda gjekk vidare, og elevane kom inn på gardstunet ”Tråve”. Ut av eit hus kom sjølvaste ”Svartemarja”. Ho husja på dei for å få dei vekk. Elevane kjenner godt til denne skapningen gjennom det dei har lese om den gamle, svartkledde dama som gjekk frå gard til gard og spreidde ”byllepesten”. Elevane vandra vidare, og møtte plusteleg to menneske som var svært flott kledde til å vera i frå mellomalderen. Dette var ein ridder og ei adelskvinne.
Etter kvart byrja elevane på nedstigninga mot stavkyrkja. Då byrja kyrkjeklokkene å kime.
Samling i stavkyrkja
Då dei kom fram til stavkyrkja gjekk dei tre rundar rundt i svalegangen, noko som var vanleg i mellomalderen. Elevane gjekk inn i kyrkja for å ha ei samlingsstund. Då det ikkje hadde lete seg gjera å skaffa til vegs ein prest som kunne halde ei mellomaldergudsteneste vart det improvisert med ei høgtidleg samling. Det vart lese ei forteljing om å vandre i pilegrim, og elevane song salma folkefrelsar. Etter på snakka dei litt om personane dei hadde tenkt på då dei gjekk vandringa. Dette var ei særs høgtidsam stund.

Attende til "Reisa til mellomalderen"  her
Vidare til "Røykfylt stove skapar mellomalderstemning" her
Vidare til "Undervisningsopplegg utanfor skulen skapar stort engasjement" her

 

Kjelder:
Kunnskapsdepartementet: "Læreplanverket for Kunnskapsløftet, midlertidig utgave juni 2006", Oslo 2006, Utdanningsdirektoratet.
Berg Mari Ann, Børresen Beate, Nustad Peder: Vi i verda 5, Religion, livssyn og etikk. Oslo 2006, J.W Cappelens Forlag AS

CC BY-NC 4.0 Pilegrimsferd – ei vandring til Borgund stavkyrkje av Linda Kristin Gram er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gram Linda Kristin 2009
Kommune: Borgund