Nøtteskogen

Nøtteskogen
Ei kort skildring av eit populært naturområde i Stårheim barnehage. Stårheim barnehage ligg fint plassert i eit bustadfelt på Myrold. Før barnehagen vart bygd, var dette området prega av dyrka mark og skog/beitemark. Det vart teke vare på delar av skogen, og om lag 1/4 av uteområdet er skog slik den har vore i alle år.
Plassering i kart
Barnas leik i skogen
Vi er stolte over å ha eit slikt flott leikeområde til barna våre. Skogen ligg der med sine ulike utfordringar til barn i alle aldrar. Mykje leik er den same året om; slik som til dømes klatring i trea og ulike rolleleikar. Hasselen, som det er mest av i vår barnehage, veks i klynger. Vi kallar dette ein "hasslerunnje", og trestammane er tynne og mange. Dette er ypperlig for små barnehender som får godt tak rundt dei, og dei klatrar og slengjer seg mykje i desse treklyngene. Men årstidene set også sitt preg på aktiviteten, og i vår barnehage er alle nøttene om hausten eit skikkeleg høgdepunkt.
Nøtteskogen
Skogsområdet vårt inneheld mange av dei typiske treslaga på Vestlandet; ask, or, bjørk, hegg, selje og hassel. Hasselen er likevel det treslaget som er i overvekt i dette området, til stor glede for barna. Allereie om sommaren byrjar barna å studere trea, på leit etter nøtter! Ventetida til modne nøtter vert ofte lang, men når hausten endeleg er der, så er det jubel, nøttejakt og leik i skogen i dagevis. Hausten 2009 hadde vi nokre fantastiske dagar, for nøttene modna fort i tretoppane, og ei natt var det så mykje vind at neste morgen var skogbotnen strødd med lysebrune nøtter. Dei plukka i bøtter og posar, nokre ville ha dei med heim, medan dei fleste sette seg på steinar og knekte dei og åt. På denne tida er vi også ekstra obs på dei minste barna når dei er i dette området, for nøtter er ikkje heilt "ufarlig" heller. Vi har difor laga "nøttereglar" som alle barna må lære seg: Ikkje ha dei i munnen og knekke dei med tennene, og dei får heller ikkje ta dei med til det "øvre området" i barnehagen der det er flest små barn.
Hassel som ressurs i vårt område
I våre dagar vert ikkje trea rundt oss utnytta like mykje som i tidlegare tider. Vi kjenner alle til hasselnøttene, men då mest frå butikksal før jul. I vår barnehage lærer no barna at slike brune nøtter også veks på tre i Norge og at dei smakar godt. Men utanom leik med pinnar/greiner og lauv frå trea, så betyr ikkje dette treet så mykje for oss lenger. Ei samtale med ei eldre dame som er busett like ved barnehagen, kom med spennande informasjon til oss om korleis ein nytta hasselen før. Ho fortalde at det vart skore greiner med lauv på som vart bundne saman og tørka til vinterfor til sauene.Dette kalla dei å "kjerve". Seinare på hausten etter at lauva hadde falle ned på bakken, tørka litt i vinden, så vart dette samla saman og brukt til "underbredsle" (strø) under grisane. Og til sist når alt lauvet var borte frå bakken, så kunne dei samle saman nøttene som låg der; dette vart julenøttene deira!
Lenkjer:
- Nøtteskogen
- Hasselnøtter
- Nøtteknekkar!
- Lauv
- Lauv
- Gamle trestammar
- Nøtteknekkar!
- Her er gode nøtter!
- Nøtteskogen
- Etterpå…..
- Mange nøttetre
Nøtteskogen av Mariann Hatlenes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.