Me kostar støv av statuene

Øvre Årdal, sett frå Heirsnosi
"Kva for statuer, å ja Rallaren meinar du?!" Dette er vel eit teikn på at også me vaksne bør oppdatere oss på vår kulturarv. Kva med ungdomen, veit dei at Rallarmonumentet ikkje er ein einsleg statue i Øvre Årdal?
Plassering i kart
Historien rundt Rallarmonumentet, Geitekillingen og Kvinnedraumen i treet frå jordas indre
Me har altså tre statuer i Øvre Årdal, og Rallarmonumentet er vel den mest kjende for lokalbefolkningen. Det er også den mest synlege. Historien bak Rallarmonumentet og Geitekillingen seier mykje om bygda si lokale historie, og den er det viktig at me klarar å bringe vidare til nolevande og framtidige generasjonar.
Når me snakkar om lokal historie, kunst, statuer m.m. har me bevega oss inn på det ein del folk snakkar mykje om for tida, nemleg kulturarv. Kva er det som eigentleg ligg i dette omgrepet? Det er eit omfattande område å bevege seg inn på, og det omhandlar både materielle kulturminner som bygningar, kunstverk, kulturlandskap, manuskript og bøker, men også immateriell kultur som språk, religiøse ritual og folkedikting.Les meir her. Med andre ord så handlar dette om å ta vare på og verne om vår kultur og historie. Det viktige er at me klarar å finne berekraftige måtar å ta i bruk kulturarven på, slik at den lever vidare i generasjonar framover. Skulen er ein god plass å setje fokus på kulturarv, og det vil me i denne artikkelen gje eit døme på.
Fokuset i denne oppgåva ligg på kunstverk i Øvre Årdal. Her kan du sjå Unni Løseth sin private samling av offentlege kunstverk i Årdal.Me har vidare laga eit undervisningsopplegg som me i fyrste omgang har avgrensa til dei tre statuene me finn i Øvre Årdal, og desse kan du lese meir om i lenkjene som er oppretta i denne artikkelen. Sjå ekstra omtale for å finne meir informasjon om undervisningsopplegget.
- Øvre Årdal, sett frå Heirsnosi
Undervisningsopplegg: Kunststi kontra natursti
For å oppfylle krava i Kunnskapsløftet, må me til tider tenke kreativt. I dette undervisningsopplegget har me valt å lage eit tverrfagleg prosjekt i norsk og kunst og handverk på ungdomstrinnet. Det er teke utgangspunkt i desse måla for kunnskapsløftet. Ynskjer de å trekke inn fleire fag, er linken til kunnskapsløftet her.
Førearbeid
Dette opplegget er ei blanding av klasseromsundervisning og gruppearbeid. Når elevane skal ut på vår såkalla kunststi, er dei inndelt i grupper. Det kan vere greitt å ha elevar som styrkar kvarandre i gruppene. Alle har her same utgangspunkt, og alle har noko dei kan bidra med, anten det er form/farge, design, rettskriving, kartlesing m.m. Lærarane bør styre gruppeinndelinga for å få gode grupper.
1.økt
Me legg opp til tema, kulturarv. Elevane treng innføring i kva dette omhandlar, og i tillegg må lærar presentere undervisningsopplegget og kva som er målet med dette arbeidet.
2.økt
Kvar gruppe får utdelt eit kart over sentrum av Øvre Årdal. Oppgåve er å merka av der dei trur desse tre statuene ligg. Deretter legg me på eit lysark med kopi av kartet, og ber gruppene som vil om å komme fram og merke av sitt forslag. Me vekkjer her konkurranseinstinkt og motivasjon for oppgåva. Når elevane er blitt presenterte for statuene, må dei skaffe seg kunnskap om historia rundt desse. Bruk linkane i artikkelen ovanfor til dette. Kvar gruppe kan få ei utskrift av artiklane til kvar statue.
Gjennomføring – 3.økt
Lærar delegerer oppgåver til gruppemedlemane, ein må notere, ein må lese kart, ein må passe tida m.m. Til denne økta treng ein to timar samanhengande, slik at alle gruppene når gjennom kulturstien. Gruppene startar med fem minuttars mellomrom.
Oppgåver til statue nummer 1 – Rallarmonumentet
a) Kvifor trur de denne statuen er hogge ut i stein?
b) Sjå på minnetavla som høyrer til sjølve Rallaren. Det er same teksten som står skrive på oppgåvearket dykkar. Teksten inneheld ein del skrivefeil. Skriv ned dei feila de finn.
c) Kva tykkjer de om plasseringa av Rallaren i forhold til historia rundt den?
Oppgåver til statue nummer 2 – Geitekillingen
d) Kvifor trur de denne statuen er plassert på ein grasplen?
e) De har no fått i oppgåve å flytte denne statuen til ein annan plass i Øvre Årdal. Argumenta for å flytte den, er at den ligg veldig skjult og er samtidig veldig liten. Kvar vil de flytte den, og kvifor akkurat dit? Her må de argumentere for vala dykkar.
Oppgåver til statue nummer 3 – Kvinnedraumen i treet fra jordas indre
f) Korleis tolkar de tittelen på denne statuen?
g) Sjå godt på innsida av steinane, kva trur de desse graveringane tyder?
h) Sjå på kva geometriske figurar som er nytta, og korleis dei er sette saman. Skriv ned måla på alle figuane som er nytta.
Etterarbeid – 4./5.økt
Dette arbeidet er todelt. Gruppene skal levere eit skriftleg arbeid i norsk, og i tillegg skal dei ha ein presentasjon for klassen i kunst og handverk.
Oppgåve 1:
Ut i frå dei geometriske figurane og måla de har samla saman i oppgåve h, skal de lage dykkar statue med desse figurane. Det skal vere same størrelseforhold, men samansetjinga bør vere annaleis.De skal i tillegg lage eit navn og ei historie rundt dykkar statue. Statuen skal forevigast på foto på den plassen i Øvre Årdal de meinar at den passar best. Kva materiale de vel å bruke må de finne ut av sjølve, men det enklaste er kanskje papp. Dette arbeidet skal presenterast som ein samansett tekst for resten av klassen.
Oppgåve 2
Resten av oppgåvene skal leveast inn skriftleg til lærar, og elevane vil få ei vurdering av gruppearbeidet.
Me kostar støv av statuene av Marianne Hellebø er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.