«Matmomsar i Verdsrommet».
I høve Oddvar Torsheim sin 70-årsdag 2. november 2008, var det ei storstilt markering av den lokale kunstnaren i Naustdal "På sporet av Oddvar Torsheim". Mellom anna var det ei stor kunstutstilling i Naustdalshallen der alle barnehagane og skulane i bygda bidrog. I Lunden barnehage hadde vi ei målsetjing om at barna i samband med markeringa skulle bli betre kjent med kunstnaren, som delar av sin barndom budde i Naustdal. Alle dei aldersdelte gruppene løyste oppgåva ulikt, og eg vil i denne artikkelen fortelje kort om korleis 4-årsgruppa løyste oppgåva.
Plassering i kart
Utgangspunktet
I tilknyting til denne markeringa hadde vi Rammeplanen sitt fagområde ”Kunst, kultur og kreativitet” som tema i september og oktober. Vi starta heilt i byrjinga av barnehageåret med å tolke biletet ”Nye skrik” av Oddvar Torsheim. Det var spanande å høyre barna si tolking. Dei meinte at desse figurane måtte bu oppe i verdsrommet. Der åt dei ’fish’ og bæsj. Det viste seg etter kvart at tolkinga av biletet hadde samanheng med den då nye serien ”Kometkameratene” på NRK Barne-TV. Figurane frå biletet fekk namnet ”Matmomsar”, og vi valte å ta utgangspunkt og spinne vidare på desse ”Matmomsane” i tre ulike kunstuttrykk. I tillegg til at vi var inspirert av ”Nye Skrik”, nytta vi også Torsheim sin musikk ”Nynorskens skog”.
Matmomsar i pappmasje
Vi valde å forsøke og forme desse Matmomasane i pappmasje. Første del i prosjektet var å blåse opp kvar sin ballong, for så å feste denne med teip til botnen på ein mjølkekartong. Neste del i prosjektet gjekk ut på å lime avispapirbetar med tapetlim på ballongen og støtta. Etter to runder med dette, var det klart for å leggje laget med pappmasje. Fleire av barna var med å rive avispapir og blaute dette i vatn. Vi pressa ut vatnet og blanda med tapetlim rørt ut i lunka vatn. Å leggje massen på ballongane var litt krevjande, så ein del ynskte mykje hjelp. Då dei skulle tørke knelte nokre av ballongane, men vi løyste dette med å lage ei historie om at dei hadde kræsja i verdsrommet. Då figurane var tørre fekk barna måle dei slik dei ynskte.
Musikalsk uttrykk
I tillegg til det tredimensjonale uttrykket laga vi også eit musikalsk uttrykk. Vi høyrde fleire gonger på ”Nynorskens skog”, og forsøkte så å lage vår eigen song til Torsheimen. Vi tok opp songen på CD, og den vart populær blant barna i gruppa. Etter kvart høyrde vi også at andre born nynna og song på songen vår.
Det todimensjonale uttrykket
Til slutt laga vi eit todimensjonalt uttrykk. Barna malte først ein bakgrunn i ein valfri farge. Dei fekk så ein modell av eit hovud som dei klipte ut. Då bakgrunnen hadde tørka i tørkeskapet mens dei klipte, var det klart for å leggje forma på arket, og svampe med valfri farge inni holrommet slik at det vart til eit hovud. Barna laga så mange hovud dei ville eller fekk plass til på arket. Veka etter når dette var tørt, fekk barna teikne oppå med fargar.
Utstillinga
På utstillinga stilte vi ut Matmomsane våre på eit bord, med bileta på veggen bak og med songen på CD i bakgrunnen. Ved sida av hadde vi ein plakat med bilete vi tok frå prosessen, tolkinga av ”Nye Skrik” og teksten til songen vår.
Dagen etter hovudmarkeringa, var Torsheim tilbake for å sjå utstillinga i ro og mak. Då kunne ein medarbeidar fortelje at han hadde stogga opp og lytta til musikken vår – det var stas!!
«Matmomsar i Verdsrommet». av Mari Gillund er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.