Sidemeny+

Levande bygdetun

Posted on 20. nov 2009 by in Museum

ghh

 På austsida av Aurlandsfjorden, midtvegs mellom Aurland og Flåm, ligg garden Otternes. Vel 100 meter over havet, med fritt utsyn til fjorden og fjella rundt, ligg husa frå 17 og 1800-talet som perler på ei snor. Til vanleg er det stilt og roleg i det gamle bygdetunet, men kvar vår yrer det av liv. Då er bygningane skulestove for 8.klasse på Aurland barne- og ungdomsskule i heile 3 veker til endes. Deretter tek turistane over, før tunet atter fell til ro og det vert haust og vinter.

Plassering i kart

Nytt liv i gamle stover

"Det er mykje eg har gløymt frå åra i ungdomsskulen, men vekene på Otternes-tunet sit som spikra," kan ein tidlegare elev fortelja når han dukkar opp som student 6 år etter at han gjekk ut frå ungdomsskulen. Flatbrødbaking, kinning, hardt gardsarbeid og turar i nærmiljøet har sett sine spor. Akkurat slik ein ønskte. Vekene på Otternes skal vere entreprenørskap. Her skal identitet skapast og band knytast mellom fortid og framtid.

Arbeid og oppleving hand i hand

Temavekene på Otternes har lang tradisjon, og undervisningsopplegget vert i det store og heile gjennomført på samme måte kvart år. Arbeid, slik det vart praktisert i gamal tid, har sin naturlege plass. Også lærdom om arkitekturen, restaureringa, utmarka og stølane. Dei seinare åra har dessutan entreprenørskapstanken fått auka fokus, og leksjonar knytt til Nærøyfjorden og lokale bedrifter er ein del av undervisninga. Padletur med Njord, guiding på turistbåten til Gudvangen og produksjon av kortreist lammeburger på Haugen gardsmatt er eksempel på dette.

Tunet og husa 

Tidleg på 1700-talet var det 6 bruk på Otternes. Dette var truleg for mykje, og i 1801 var det berre 4 att. Anders-garden, Odda-garden, Guttorm-garden og Thomas-garden er namna som vert nytta på bruka i dag. Alle oppattkalla etter dei siste bøndene som dreiv Otternes på gamlemåten. Tunet har mange hus, og dette har si naturlege forklaring. Kvart dyreslag hadde sin eigen bygning, og dertil hadde ein løe til korn, høy og lauv. På kvart bruk var det minimum stovehus, kårstove, løe, stabbur, eldhus, fjøs og stall. I tillegg hadde ein tilgang på turk og kvern. Det er i dag 27 hus på Otternes, og Aurland kommune har restaurert omlag halvparten av desse. Restaureringsarbeidet tok til på slutten av 1970-talet, og har berga eit unikt bygdetun frå fullstendig forfall.

Kjelder: Engesæter, Åge: Otternes, ein gard i Aurland, Sogn og Fjordane distriktshøgskole 1978

CC BY-NC 4.0 Levande bygdetun av Olav Terum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Terum Olav, 2009