Lavik skule sitt kulturminnne 2009: minnesteinen over Ole Elias Holck
Lavik skule har valt minnesteinen over Ole Elias Holck som sitt kulturminne i Kulturminneåret 2009. Ole Elias Holck var stortingsmann og det vert lagt ned krans ved gravsteinen hans kvar 17. mai. Soleis er Holck noko dei fleste på skulen kjenner til.
Plassering i kart
Kort om skulen og val av kulturminne
Skulen vår ligg i Lavik og er ein fådelt barne- og ungdomsskule med 61 elevar. Kvar gruppe/klasse plukka seg ut kvar sitt kulturminne, som dei skulle finne litt opplysningar om. Småskulesteget har arbeidd med gamlevegen som går frå Alværa til Lavik, medan mellomtrinnet har sett nærare på vegen som gjekk frå Lavikstølane til Værholmen. 8. klasse jobba med minnesteinen over Ole Elias Holck i Alværa, og 9. og 10. klasse har hatt Bispestova som oppgåve. På felles samling i gymsalen, der kvar gruppe fortalde litt om sitt kulturminne, vart det bestemt at skulen sitt favorittkulturminne vart minnesteinen til Ole Elias Holck.
Kvifor vi valde minnesteinen som kulturminne
Vi valde minnesteinen over Ole Elias Holck fordi dette er noko som alle kan sjå fordi den ligg rett attmed E39 ved Alværa. Dessutan har det vore stortingsval i år, og sidan Ole E. Holck er gammal stortingsmann er det ein fin måte å heidre minnet hans på. Tidlegare vart det lagt ned krans ved minnestøtta hans i Alværa kvar 17. mai, men no vert dette gjort ved gravsteinen hans ved Lavik kyrkje.
Minnesteinen si historie
Steinen er til minne om Ole Elias Holck, som vart fødd i 1774 og døydde i 1842. Han var offiser i militæret og hadde dermed ei høg stilling. I 1812 gifta han seg med ei av døtrene til den avsette futen Simen Hansen, og det var på den måten han kom til Alværa. Han var utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, og var ein dei som stod bak §1 i Grunnlova, der det står at Noreg skal vere eit fritt, udeleleg og sjølvstendig kongerike.
I samband med 100-årsjubilet for Grunnlova i 1914 vart det reist ein minnestein over stortingsmannen frå Alværa. Steinen vart funnen i lia over vegen i Alværa. 10-15 menneske drog den ned på vinteren ved hjelp av hest. Høgda på steinen er ca 6 meter og vart plassert ved gamlevegen i Alværa fordi der syntes han godt og det er like ved huset Ole Elias Holck budde i.
Minnesteinen i dag
Minnesteinen er lite besøkt i dag. Vi i 8. klasse ynskjer å rydde litt rundt minnesteinen og sette opp ei informasjonstavle slik at området vert meir besøkt.
-
Minnesteinen over Ole Elias Holck er plassert like nedanfor E39 i Alværa. Foto: 8.klasse, Lavik skulecbn
-
«Primus motor» Mons Ringereide førebur avduking av Holck-statuen på Alværa 17. mai 1914. Foto: Ludwig Trædalcbn
-
Avduking av Holck-statuen 17-mai 1914.
Foto: Ludwig Trædalcbn
-
Minnesteinen Foto: Lavik skule, 8. klassecbn
Lavik skule sitt kulturminnne 2009: minnesteinen over Ole Elias Holck av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.