Kvinnedraumen i treet frå jordas indre

Statue i parken utanfor Farnes kyrkje
Mellom høge bjørketre i parken utanfor Farnes kyrkje i Øvre Årdal finn du ein statue som ved fyrste augnekast ser både mørk og keisam ut. Kven har funne på å plassere ein firkanta stein her? Dette har mange spurt seg.
Plassering i kart
Dersom du går nærare og studerer tittelen på namneplata ved foten av statuen, byrjar kanskje nysgjerrigheita å røre på seg. Kva meinar kunstnaren med : Kvinnedraumen i treet frå jordas indre? Når du så går rundt statuen, ser du at dette ikkje berre er ein firkanta stein. Statuen består av fire like steinsøyler som er montert tett saman, men likevel ikkje tettare enn at du kan sjå mellom dei. På innsida er steinane blankpolerte og det er gravert eit abstrakt mønster på den blanke overflata. Har dette noko med kvinnedraumen i treet frå jordas indre å gjere? Du står kanskje att med fleire spørsmål enn svar når du har studert denne statuen, men det var kanskje det kunstnaren ville?
Skulpturen i granitt er laga av Leif Anders Larsen og gitt som gåve til Årdal kommune av Marta og Rolf Larsen.
- Statue i parken utanfor Farnes kyrkje
- Gjennomsjåbar statue
- …frå jordas indre..
Kvinnedraumen i treet frå jordas indre av Randi Brekke er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.