Kvernhuset i Einungrane
For 50 år sidan planta Evald Knutsen grantre Trea har han no lafta til kvernhus
I Einungrane har ein tradisjon med å dra nytte av vasskrafta. Då Evald og Kjellaug flytte til Einungrane i 1972 var det berre spor att av dette. Noko er vorte gjort og meir skal gjerast.
Plassering i kart
Kjøtkverna vart drive av ein kvernkall Bygdaslipesteinen av eit vasshjul
Småbruket ligg 2 km frå Flåm sentrum. I byrjinga av 1900, talet vart det sett opp ein mur framfor Vetlesteinshølen og renna vart steinsett. Huset vart sett opp i 1911. Fremste delen var bustadhus. I midten var det slakteri. I nederste delen var det pølseproduksjon og eit utsalsrom. Ei stor kjøtkvern driven av kvernkallen mol kjøtet. Bygdaslipesteinen vart driven av eit vasshjul.
Frå turbin til kvernkall
Evald arbeidde med turbinar og vasskraft i Oslo Energi. No vart det lafting og kvernkallar. Audun Torvaldson var kursleiar i lafting. Saman med Kåre Sønnerheim og Øystein Skahjem bygde dei turken og kvernhuset som er i Prestehagen ved Turlidfossen. Turken vert nytta til å turka kornet. Skulane i Aurland har fått mange omvisningar.
Det andre kvernhuset bygde Evald til Nils Heggdal. Kvernhuset stå i Leina i Flåmsdalen.
Kvernhuset tek form
Våren 2009 stod kvernhuset i Einungrane ferdig. Det er plassert der kvernhjulet til kjøtkverna stod. Evald har nytta det same damannlegget og det same bekkefaret. Trea som han planta for 50 år sidan fekk han skore på saga til Terje Hilstad. Grantrea vart fløytt ned groa under linja til Flåmsbana. Han var heldig og fekk tak i gamle kvernsteinar. Steinane var mosegrodde og låg i eit bekkefar i Gulen. Kvernsteinane kom frå kvernsteinsdrifta i Hyllestad. Steinane er laga av granatglimmer og var lite brukt. Nye uthogne kvernsteinar kostar 80 000. Renna inn på skavlane har Evald hogge ut av eit ospetre. Ospa rotnar seint og er difor godt eigna.
Flåm skule på besøk
Evald har hatt opplegg med både småskulen og mellomtrinnet. Småskulen var nede og mol korn. Mjølet kokte elevane graut av. Kornet skulen fekk med skal såast til våren. Mellomtrinnet har og male korn og bakt bollar. I tillegg har dei lært om energi av vasskraft. Lokalmiljøet nyt godt av eldskjeler som Evald. Mange turistar tek og vegen nedom kvernhuset.
Dei fleste kvernhusa i kommunen ser ein berre spor av. Kvernhuset på Tero vil snart liggja i ruin.
Kvernhuset i Einungrane av anne line johnsen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.