Sidemeny+

KUNST SOM INSPIRASJON FOR LEIK

Posted on 29. nov 2009 by in Skular og barnehagar

Kunst i Olderdalen

 

I Olderdalen barnehage er vi glad i å vere ute i all slags ver. Vi har eit stort uteområde som utfordrar til leik. For nokre år sidan begynte vi å male huskestativ, gjerde ved skliene og ei dukkehytte i ulike fargar for å skape meir liv i uteplassen. Deriblant mala vi og borga vår i same farge som barnehagen, raud og gul.  

Plassering i kart

KUNSTNERISK SOMMARVIKAR

Sommaren 2008 fekk vi ta inn ein ung arbeidstaker/sommervikar, MARTE KVAMME STRØMMEN, som skulle ta del i kosting,maling og diverse anna utearbeid som barnehagen trengte å få gjort. Det viste seg fort at denne jenta kunne teikne/male meir avansert enn vi tenkte. Dermed var ho satt på eit nytt prosjekt – male vegger på barnehage og male borga som ei borg.

LOGO TIL AVDELINGANE I BARNEHAGEN 

Sidan omorganisering av barnehagen i 2006 fekk avdelingane nye navn. Tyrihans – Askeladden – Rødhette og Veslefrikk. Marte teikna sommaren 2008 også ein logo til kvar avdeling.

KUNST FOR BARNA

Før Marte male kunstverka ute teikna ho dei på ark og desse har vi til kopiering i barnehagen. På denne måten kan barna få fargelegge desse og bruke dei som mal for eigne kunstneriske teikningar. Teikningane skaper og eit godt utgangspunkt for språkstimulering av barna ved å dikte historiar til bileta, navn på dragane etc. Når ein er ute i barnehagen er dei ulike kunstverka inspirasjon for leiken til barna ved at dei navngir dyra og speler rollespel.

CC BY-NC 4.0 KUNST SOM INSPIRASJON FOR LEIK av Siv Gudvangen er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siv Anita Helle Gudvangen 2009