Kistehaugen – førhistorisk kulturminne i Flåmsdalen

Kistahaugen etter at elevane har rydda kulturminnet
Hesjing, lauving, kokegrop med killingkjøt og dramatisering av ei vikinggravferd. Dette er noko av det elevane på Flåm skule fekk vera med på i haust. I samband med kulturminneåret 2009, rydda me kulturminnet Kistehaugen på Dalsbotn.
Plassering i kart
Hellegraver frå yngre jernalder
Dalsbotn ligg ei halv mil oppe i Flåmsdalen. Her ligg i dag to gardsbruk. På ei høgde, om lag 200 meter frå gardstunet på Dalsbotn, ligg jernaldergravplassen Kistehaugen. Her ligg fire gravrøyser frå yngre jernalder. Namnet kjem av steinkistene ein har funne inne i gravrøysene. I dei seinare åra har gravrøysene grodd att med torv og kratt og dei er vanskelege å sjå. Etter fyrst å ha lært litt om gardssoga, Kistehaugen og gravene, fekk elevane på 1.- 7. trinn på Flåm skule jobben med å rydda opp.
Børatog og hesjing
Elevane på 1. – 4. trinn var på Kistehaugen fyrste gong for å hesje. Graset var slege på førehand. Noko måtte me likevel slå med ljå, både stuttorv og langorv vart brukt. Elevane bar staur og sette opp ei hes med 15 golv og fem strenger. Flittige og arbeidssomme hender raka og hesja. Arbeidsoppgåvene vart unnagjort på kort tid. Undervegs lærte me mange nye ord og omgrep knytt til arbeidet. Tilbake på skulen laga me helde av sprake til børatog. Etter nokre veker med dårleg høytørke, måtte me likevel freiste å få høyet i hus. Elevane lærte korleis dei skulle leggja høyet på børatoget, stramme og få det på ryggen. Det var eit syn då 20 små høydottar lakka nedover bakkane til høyvogna som stod klar.
Styvingstre og lauving
Ved foten av Kistehaugen står ei flott, gamal bjørk. Denne har vore brukt som styvingstre på garden Dalsbotn. Meininga var at elevane på 5.-7. trinn skulle styve denne bjørka. Meir enn 50 år hadde gått sidan bjørka vart styva sist. Fagfolk me snakka med fortalde at me difor måtte vera varsame og styve treet over fleire år, få greiner om gongen. Elles ville treet døy. Elevane vart og sett til å hogge ned småskog og kratt. Dei hogg lauv med snidl og lærte å bitta lauvkjerv av bjørkegreiner. Lauvkjerva hengde til tørk i fleire veker, før dei vart lagde opp i ei rauk under det gamle styvingstreet. Rauket vart høgt, nokre elevar fekk vera med å trakke ned greinene.
Kokegrop og kongegras
På ein utedag på Dalsbotn gjorde elevane på småskuletrinnet førebuingar til seinare matlaging. Me grov ut kokegrop og henta kokesteinar i elva, og me plukka kongegras som krydder til brødet me skulle steikje. På skulen laga me jernaldersnop av hasselnøtter. Nøttene vart varma og rista i honning.
Rosmarinkrydra killingkjøt og hellesteikte brød
Ein solfylt dag i september skulle heile prosjektet avsluttast. Tidleg på morgonen hadde ein av lærarane varma kokesteinane på bålet, før ho pakka dei godt rundt killingkjøtet oppi kokegropa. Då elevane gjekk av toget på Dalsbotn stasjon, rauk det godt frå bålet og killingkjøtet hadde kokt i 2 timar. Nokre av elevane vart sette til å steikje brød på steinhelle på bålet. Då kokegropa vart opna, vanka det nydeleg killingkjøt og varme brød med honning.
Dramatisk vikinggravferd
Kistehaugen er ein gravplass, så me valde å avrunde det heile med ei lita dramatisering. Små og store kledde seg ut i vikingklede og gjekk i prosesjon opp til gravene. Vikingdronninga gjekk fyrst. Deretter fylgde båra med den døde, ei frodig dokke.Til tonane frå ei keramikkfløyte snodde ei lang rekkje sørgjande seg etter båra opp på gravhaugen. Med seg i grava fekk den avlidne rikeleg med gåver.
Etterarbeid
Elevane har laga samansette tekstar om det dei har vore med på. Dei fekk utdelt bilete og har skrive eigne tekstar til. 3. og 4. klasse har og laga kvar si ordbok. I ordboka vart dei ulike omgrepa forklarde med tekst og bilete. Tilslutt laga me veggavis/fotomontasje med bilete og tekst frå heile prosjektet.
- Kistahaugen etter at elevane har rydda kulturminnet
- Kistehaugen etter at elevane har hesja
- Kistehaugen
- Kistehaugen etter at elevane har rydda opp
- Kistehaugen etter at elevane har hesja
- Ei hes med 15 golv
- Kistehaugen sett frå austsida
- Ei hes med 15 golv
- Kistehaugen sett frå austsida
- Kistehaugen sett frå austsida
- Steinhella oppå ein av gravhaugane
- Steinhella oppå ein av gravhaugane
- Tung bør på liten rygg
- Lauvrauk til tørk
- Eit heilt golv i ei bør
- Småtroll og tussar
- Gravrøysene skulle fram att i dagen
- Lauvrauk
- Lauvkjerv til tørk
- Elevene laga lauvkjerv
- Elevane lagar lauvkjerv
- Lauvkjerv til tørk
- Nydeleg killingkjøt
- Tørka lauvkjerv vert lagt i ei lauvrauk
- Kokegropa vert opna
- Hellesteikte brød
- Vikinggravferd
Kistehaugen – førhistorisk kulturminne i Flåmsdalen av Anne Gro B. Horvei er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.