Johannes Vinjum – ein ektefødd kunstnar
Johannes Vinjum vart fødd i Aurland 2.august 1930 og døydde i Oslo 23.november 1991. Han var ein glimrande teiknar og er rekna som ein av våre mest talentfulle målarar.
Plassering i kart
Tidleg interesse for kunsten
Johannes Vinjum vaks opp på Dekkene på Aurlandsvangen som nummer to i ein søskenflokk på fem. Alt som liten byrja Johannes å teikna. Det viste seg snart at det var kunstnarvegen han ville gå. Fleire år seinare forklarte Johannes at «Det var ikkje eit valg, det var som ein bakterie som vokste og hadde makt over deg.»
Vendepunkt
Då Johannes fylte 17 år vart han ramma av poliomyelitt. Han vart lamma i venstre fot og høgre hand, men klarte å trena seg opp så han kunne fortsetja å teikna og måla. På ein rekreasjonsheim utanfor Bergen vart han kjend med den 80 år gamle målerinna Laura Lillingston frå England. På hennar oppfordring søkte han Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Han kom inn 19 år gamal.
Studiar
Johannes studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1949 – 52). Han fekk mykje ros for talentet sitt. Teiknelærar Carl Von Hanno kalla han ”den største naturbegavelse som har levd.» Talentet hans vart lagt merke til av fleire, men Johannes sjølv meinte han hadde meir enn nok å jobba med og kjende seg ikkje som nokon stor kunstnar. «Til høgare og lenger ein klatrar opp på berget, til meir tåke blir det som veltar seg inn og stengjer for utsikten.»
Kritisk til eige arbeid
Ved Statens Kunstakademi (1952 – 56) vart evnene utfordra til det ytterste. Sagt med Johannes eigne ord: ”Det var då problemet begynte – ja så vanskeleg er det!”. Han kjende seg aldri ferdig med eit bilete. Ofte overarbeidde han bileta sine før han gav seg. Som få andre fekk han erfara kunstnar Paul Valerys ord: «Man fullfører ikke et kunstverk, man forlater det.»
Møte med katedralen i Chartre
På ein studietur i Frankrike møtte han katedralen i Chartre for første gong. Det ruvande byggverket skapte ei sterk attkjenning av fjella heime i Aurland. ”Katedralen hogg tak i meg”, sa Vinjum etter besøket. Han vende attende til Chartre fleire gonger og laga skildringar av korleis det skiftande lyset endra fasadane i katedralen. Men mest av alt prøvde han å få fram kontrasten i møtet mellom det monumentale kyrkjebygget og dei små menneska.
Nølande debut
I 1954 debuterte Johannes på Statens Høstutstilling. Han fekk strålande kritikkar og vart karakterisert som «mest talentfull, et opplagt talent og en utvilsom begavelse.» Det skulle gå 24 nye år før den eigentlege debuten fann stad. Då med målarutstilling i Kunstnarforbundet og over 100 teikningar i Galleri K. Det lange opphaldet skuldast først og fremst hans eigen kritiske haldning til arbeida sine.
Stilsikker teiknar
Johannes fekk statsstipendiet og studerte eitt år ved Accademia di Bella arte i Firenze (1961 – 62). Her både måla og teikna han. Som teiknar var Johannes uvanleg rask, ledig, uvøren og sikker. Arket han teikna på hadde mindre å seia. Han teikna gjerne rett på papirduken som låg på bordet i kneipa der han sat.
Born eit ynda motiv
Johannes laga nærgåande og levande barneportrett og skildra barn i kvardag, leik og fest. Han hadde ei eiga evne til å fanga uttrykk og rørsler hjå borna der og då og var ein meistar i å skildra dei raske skiftingane i ansiktsuttrukk og mimikk.
Johannes legg ned penselen
Johannes døydde 23.november 1991. På staffeliet stod to uferdige bilete. I Dagbladet skriv kunstkritikar Harald Flor «I sitt maleri stod sogningen utenfor alt som het tendenser og trender, og hans billedkunstneriske bane var også høyst særegen.» Ein stor og særmerkt kunstnar hadde svinga penselen for siste gong. Johannes donerte dei fleste arbeida sine til Aurland kommune. I dag kan vi sjå dei i «Galleri Vinjum» på Aurlandsvangen. Det siste måleriet Johannes arbeidde på står utstilt på staffeliet slik Johannes forlet det.
Johannes Vinjum – ein ektefødd kunstnar av Heidi Einarsdotter Brandshaug er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.