Sidemeny+

Gjest Baardsen, mestertjuven frå Sogndalsfjøra

Posted on 18. nov 2009 by in Person

Gjest Baardsen er  kjend som tjuv, forfattar, kvinneforførar og ikkje minst som rømningsekspert. Sjølv om det er 200 år sidan han levde, er han forsatt ein aktuell og omstridd historisk person. 

Plassering i kart

Barne- og ungdomstida

Gjest Baardsen vart fødd i 1791, og vaks opp i Sogndalsfjøra. Han var son av Bård Gjestsen og Martha Persdatter. Gjest var nummer tre i ein syskenflokk på 4, og då Bård Gjestsen døydde i 1793 sat Martha  att åleine med omsorga for fire born. Like etter ramma ei ny tragedie då minstejenta, Kari, døydde av kopar-feber berre 6 månader gammal. Det var tronge kår for familien, og dei to eldre syskena til Gjest vart sett vekk på gardar i Sogndal. Det vart sagt om Gjest at han var rastlaus og hadde eit vanskeleg gemytt, og allereie som 12-åring reiste han heimefrå.

Tjuveritokta

Gjest Baardsen reiste frå Sogndal som 12-åring. Ferda gjekk då mot  Ytre Sogn, og her kom han etter eigne nedteikningar på kant med loven for fyrste gong. Gjest var raustlaus og for snart vidare, no med retning Bergen.

I fylgje boka til Hans Martinsen som kom ut i 1943, kom Gjest til Bergen hausten 1804. Han starta fyrst i skreddarlære, men gjekk lei allereie etter 5 dagar. Han prøvde seg då som bøkkarlærling, men heller ikkje dette fall i smak. Deretter reiste han frå Bergen til Amsterdam med båt, og då Gjest vende tilbake til  Bergen vart han plukka opp av J. Heitmann og gjekk i bøkkarlære hjå han. Det var hjå den same Heitmann at Baardsen gjorde sitt fyrste kjende innbrot, i april 1806. Dette vart starten på ei rekkje innbrot over heile vestlandet, og så langt nord som til Trøndelag.

Tida i Trøndelag

I peroden 1817-1820 levde Gjest Baardsen i Trondheim under namnet Even Christiansen. Han vart hausten 1817 teken for innbrot og tjuveri her, og vart sett i varetekt i Trondheims arrest. Her møtte han Elen Larsdatter Mo , som i mars 1818 fekk dødsdom for drapet på sin 2 år gamle son. Natta til 18.mars 1818 rømde dei to saman med ein tredje person frå tukthuset. Allereie i april vart dei fakka att, og i mai fekk Gjest Baardsen livstidsdom.  2.desember 1818 fekk Gjest og Elen ei dotter som vart døypt Inger Marie. Det er ikkje kjent at Gjest Baardsen nokon gong hadde kontakt  med dottera.

i 1820 vart Gjest Baardsen dømd til døden for falskmyntneri, han anka denne dommen inn til høgsterett, men før dei fekk behandla saka rømde han frå slaveriet i Trondheim tukthus.

Akershus tukthus

No følgde mange år med arrestar, rømmingar og nye arrestar. Stadig vart Gjest fanga av lovas menn, men det var sjeldan dei greidde å halda lenge på han. Det meste av denne tida heldt han seg i Bergen og ytre Sogn, men han hadde og turar over fjella til austlandet. Alt i alt rømde han frå arrest og tukthus 57 gonger. Tida på rømmen tok slutt, og han vart til sist tatt i arrest i Bergen i 1827, og vart sidan overført til Akershus tukthus.

Tida på tukthuset nytta Gjest Baardsen til å skriva, blant anna skreiv han sine memoarar i denne perioden. På Akershus traff han og Ole Høiland. Han hadde ei minst like lang liste som Gjest Baardsen når det gjaldt innbrot og tjuveri, og også når det gjaldt å bryte seg ut av arrest. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at desse to fann einannan, og det gjekk hardt inn på Gjest då Høiland hengde seg i fengselet i 1848.

I 1845 vart Gjest Baardsen benåda, og slapp ut frå Akershus tukthus. Han busette seg i Sogndal og gifta seg der med Anna Elisabeth Reincke. Han tjente til livets opphald ved å reisa rundt på bygdene som bokseljar. I mai 1849 døydde Gjest Baardsen i Bergen, og han vart også gravlagd der.

 Gjest Baardsen sitt ettermæle

Etter sin død har Gjest Baardsen fått eit ettermæle som har gjeve han status som Sogndal sitt svar på Robin Hood. Dette er nok ei sanning som er sterkt overdreve. Årsaka til denne «heltestatusen»  ligg mykje i Gjest sine eigne nedteikningar om livet sitt.  Den har likevel ført til at soga om Gjest Baardsen lever  vidare i dag, det er laga både film og sang om han. Lenkjer til desse finn ein nederst i artikkelen. Her kan ein også finne lenkje til ei kronologisk oversikt av livet hans.

Skulle du koma til Sogndal og spasere rundt i nedre sogndalsfjøra, kan du sjå huset der Gjest Baardsen vaks opp, og den omdiskuterte statua av han, laga av kunstnaren Stig Eikaas.

CC BY-NC 4.0 Gjest Baardsen, mestertjuven frå Sogndalsfjøra av Målfrid Aspeseter er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Aspeseter, 2009
Kjelder: Jakten på Gjest Baardsen, Erling T. Gjelsvik Årbok for Sogn 1991, Gjest Baardsen-meistertjuv og utbrytarkonge http://home.online.no/~fndbred/gjestb.htm, Gjest Baardsens offisielle hjemmeside http:/www.snl.no, Store norske biografileksikon