Geitekilling
Dersom du er årvaken og veit kva du er på jakt etter, finn du, gøymt bak Indre Sogn Sparebank i Øvre Årdal, ein liten statue
Plassering i kart
Er du så heldig å ha med deg ein gut eller ei jente i førskulealder i handa, så er det gjort. Staua "Geitekilling", som er så godt gøymd, er akkurat passe stor og i passeleg høgd til at små barnehender kan få ta og føle på denne bronsefiguren som er laga av Inggard Rosseland i 1968.
Statuen er eit symbol på eit av dei viktigaste husdyra i den fjellrike bygda Årdal i den tida gardsdrifta var den viktigaste levevegen. Korleis dei har funne på å gøyme denne vetle, men yndige statuen vekk frå ålmenta, er det nok mange som har lurt på. Det burde då vere mogeleg å gje den ei plassering slik at fleire fann fram til den? Men kanskje plasseringa ikkje er så heilt på viddene likevel, for kor ofte var det vel ikkje at små barbeinte gjetarar måtte av stad for å leite etter geitekillingar som hadde gått seg vekk….
Geitekilling av Randi Brekke er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.