Sidemeny+

Folkeeventyr i barnehagen.

Posted on 24. nov 2009 by in Pedagogikk

Steintroll

Norske folkeeventyr var forteljingar som vart formidla munnleg frå generasjon til generasjon. Eventyr er fri dikting som ikkje er sant. Vi valte folkeeventyret, Askeladden som kappåt med trollet, som er ein del av kulturarven vår.

Plassering i kart

Folkeeventyr er ein tradisjon i Noreg. Barnehagen er ein viktig arena for å vidare formidle folkeeventyr. Barn let seg lett fasinere, og eventyr er spanande lesing for barn, med tussar og troll og overflod av overnaturlege ting. Eventyr er også enkle å dramatisere, barna hugsa lett handlinga og høgtlesing er også ein god måte å gjere barna oppmerksame på. Eventyr er lettleste og er satt saman opp i direkte dialog med munnleg tale som gjer det interessant å følgje med. Sidan eventyr er fantasi forteljingar kan barna tolke og lage sjølv førestillinhsbilde som igjen utviklar fantasien og konsentrasjonsevnen.

Eventyrtur i Trollskogen.

Førebuing.

Avdelinga Askeladden har eventyr som tema hausten 2009. Barnehagen har aldersinndelte avdelingar og denne avdelinga har barn som er fylt 4 år.

Først skulle barna bli kjent med eventyret Askeladden som kappåt med trollet. Barnegruppa vart delt i leikegrupper med 4-5 barn i kvar gruppe. Kvar gruppe hadde forskjellige måtar der eventyret vart formidla. Gruppe 1 var ute og sat under eit tre. Las og gjenfortalde eventyret. Snakka om hendingar og forklarte kva ulike ting betyr, som barna lurte på eks. skreppe. I staden for å forlkare så laga vi like godt kvar vår skreppe. Barna fann kvar sin pinne til å ha på skuldra, vidare tok vi fram tøystykke som vi la konglar i. Knytta tøystykke fast i pinnen. Gruppe 2 samla seg rundt bordet, tende levande lys. Las og samtala om eventyret. Gruppe 3 las eventyret på leikerommet. Gruppe 4 las eventyret ute i barnehagen.

Praktisk arbeid – STEINTROLL: Ei gruppe på 5 barn fekk jobben med å plukke stein til trolla. Limte saman 2 steinar og barna pyntar kvar sitt steintroll med ulike naturmaterialer som hadde plukka tidlegare. Rekved, tørka tang, skjell, småstein, sniglehus m.m.

Praktisk arbeid – TROLLHALAR: Vi samla inn nylonstrømpebukser. Klipte trådremser som vi fletta inn saman med strømpebuksa. I livet klipte barna remser om til haledusk. Festa buksestrikk øverts på halen som vi hadde rundt livet.

Praktisk arbeid – INSTRUMENT: Måla dorullar og klipte ut lokk. Fylte instrumenta med makaroni.
Turen.

Trollskogen er eit stopp langs naturstien vår. Turen dit frå barnehagen tek ca. 15 min å gå. Her finn ein store gran trær, mindre trestubbar, steinar og variert terreng som gjev allsidig utfordringar og moglegheitar.

Barn og vaksne hadde på seg trollhalar og svarte prikkar i ansiktet da vi skulle ut på eventyrtur. Vi tok med oss grøt, instrument og ved. Vel framme laga vi bål og samla oss rundt det. Ein vaksen fortalde og dramatiserte eventyret. Etterpå åt vi grøt. Gode og mette leika og dramatiserte barna sjølv eventyret. Fann pinnar som vart til øks og dei "høgde" ned trær. Fantasien fekk fritt spelerom og skogen var ein flott arena å utfolde seg i. Før vi gjekk tilbake til barnehagen avslutta vi med songstund. Song ulike "Troll" songar – Bukkane Bruse, Trøllgrubben Lurvelegg, Trollmor, Hokus og Pokus. Avslutta økta med barnehagen sin eigen song der vi brukte instrumenta og dans mellom trea.

Når vi arbeidar med fantasien, vert ingen svar gale. Fantasien til kvart enkelt er unik og gir rom for eit likeverdig møte mellom barn og vaksne. Barna brukte fantasien sin under leiken og viste glede og samhald. Barna lurte på når dei kunne få ta med heim trollhalane og instrumenta. Sidan vi var førebudd og barna hadde kunnskap om eventyret fekk vi ein vellukka oppleving.

CC BY-NC 4.0 Folkeeventyr i barnehagen. av Bodil Sæther er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bodil Sæther, 2009