Sidemeny+

Folkeeventyr i barnehagen.

Posted on 30. nov 2009 by in Pedagogikk

Trollskogen

Eventyr.
Norske folkeeventyr er forteljingar som vart formidla munnleg frå generasjon til generasjon. Eventyr er fri dikting som ikkje er sant.

I tråd med rammeplanen sitt fagområde Kommunikasjon, språk og tekst, har vi valt å arbeide med temaet eventyr i barnehagen. Vi valte å fordjupe oss i eventyret Askeladden som kappåt med trollet. Arbeidet med eventyret enda ut i ein tur til Trollskogen.

Plassering i kart

TUR I TROLLSKOGEN.

Førebuing og repetisjon er viktig for barn. Vi las eventyret fleire gonger i store og små grupper, og i ulike settingar. Vi laga forskjellig utstyr til å bruke på turen, som trollhalar og instrument. Før og etter turen laga barna steintroll.

Trollskogen er eit stopp langs naturstien vår som går langs Daleelva i Høyanger. Turen dit tek ca. 15 min å gå i frå barnehagen vår. Her finn vi store grantrær, mindre trestubbar, steinar og variert terreng som gjev allsidige utfordringar og moglegheitar. Namnet Trollskogen kjem av den trolske utsjånaden som området har. Dette er eit felles namn som alle barnehagane i kommunen brukar.

Barn og vaksne hadde på seg trollhalar og mala svarte prikkar i ansiktet, da vi skulle ut på eventyrtur. Vi tok med oss graut, heimelaga instrument og ved. Vel framme laga vi bål som vi samla oss rundt. Ein vaksen fortalde og dramatiserte eventyret. Etterpå åt vi graut. Gode og mette leika og dramatiserte barna sjølv eventyret. Dei fann pinnar som vart om til "øks", og dei "høgde" ned trær. Før vi gjekk tilbake til barnehagen avslutta vi med songstund.

Sidan vi var førebudd og barna hadde kunnskap om eventyret fekk vi ein vellukka oppleving. Barna tileigna seg på denne turen erfaringar, ferdigheiter og kunnskapar på ulike område.

Kjelder:
 

Elmenhorst, Constanse: Skrinet med det rare i. Bruk av eventyr i barnehage og småskole. Yrkeslitteratur as 2001.

Eskild, Hilde og Benedikte Hambro: Snikk, snakk, snute. En praktisk bok om muntlig fortelling. Ganesa Forlag AS 2005.

RAMMEPLAN for innhald og oppgåvene til barnehagen. Kunnskapsdepartementet 2006.

CC BY-NC 4.0 Folkeeventyr i barnehagen. av Bodil Sæther er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bodil Sæther, 2009