Sidemeny+

Flåm kyrkje

Posted on 22. nov 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Middelalderkyrkja i Flåm vart bygd i 1667. Kyrkja er ei langkyrkje i tre med 160 sitjeplassar. Sagnet om huldrene fortel kvifor kyrkja ligg nede på garden Flåm.

 

Plassering i kart

Kyrkja ligg på Flåm

Segne fortel at det var planlagd at kyrkja skulle liggje på Håreina. Det ville ikkje huldra og flytte tømmeret ned att på Flåm kvar natt. Huldra ville ha sin plass for seg sjøv og difor ligg kyrkja på Flåm. Flåm kyrkje er brunmåla og har tårn og våpenhus. Veggene i skipet på kyrkja er dekorert med landskapsmotiv, dyr og bygningar. I koret er det dekorert med rosemåling. Rundt 1870 vart dei gamle dakorasjonane overmåla. Under restaureringa av kyrkja i 1929 vart to små felt avskrapa og biletmotiva synlege att. Ei pengegåve frå Fretheim Hotell gjorde sitt til at vaskinga vart utført og bilete kom fram att på slutten av 1960 åra. Det vert fortalt at kyrkjelyden var så interessert i desse kunstverka at dei såg meir på dei enn dei høyrde på preika til presten. Dette skulle vera årsaken til at prestane kravde at alt skulle overmålast.

Kyrkjeklokka

Den eldste klokka i kyrkja er frå kring år 1500. Denne klokka har hengt både i stavkykja på Flåm og i kyrkja på Fretheim før ho vart opphengd i tårnet på kyrkja vår. Me har og ei klokke frå 1864 og frå 1992, som heng i tårnet no.

Riddarkappa

Riddarkappa er av halvsilke og voven i Venezia på 1300-talet. Den har vore brukt til messehakel og til alterduk. No ligg den i ein monter i kyrkjestova på Flåm. Teppe har vovne figurar. Det er vove lintråd, silketråd og «silketråd».  Slik vev frå mellomalderen er svært sjeldan.

Inventar

Altertavla til Flåm kyrkje vart bygd i 1671 og måla i 1681. På midtstykkje er måla den krossfeste Kristus med raudt hår og skjegg. Nedanfor står ei kvinne og ein mann, kan henda Maria og Johannes. Preikestolen vart kjøpt ferdig i Bergen og måla same året som alteret. Døypefonten er av tre med messing døypefat. Dåpsmugga er frå 1982.

 Kyrkjestova

Kyrkja har ikkje noko sakristi og trongen for ei kyrkjestove var derfor stor. Kyrkjestova ligg i utkanten av kyrkjegarden og er ei gamal tømmerstove. Den sto tidligare på nabogarden og skulle rivast. Stova er no restauret og modernisert for dagens bruk. Den vert brukt som sakristi og møterom for kyrkjelyden.

CC BY-NC 4.0 Flåm kyrkje av Hande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siri Hillestad Hande,2009
Kjelder: Aurland Bygdebok -Anders Ohnstad Soga om Flåm -Svein Indrelid Historisk vandring -Magne Bjørnestad Fylkesarkivet -Flåm kyrkje Læreplanverket for kunnskapsløftet Midgard 6 Aschehoug
Kommune: Flåm