Sidemeny+

Ei perle i Undredal

Posted on 29. nov 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Undredal stavkyrkje

Inst i Sognefjorden ligg det ei fantastisk kyrkje. Den er lita og gjev eit heilt spesielt inntrykk der ho ligg midt i gardsvegen mellom stupbratte fjell.

Plassering i kart

Den vesle kyrkja

I dag fins det 28 stavkyrkjer i Norge, og i Undredal ligg den minste og eldste stavkyrkja som fortsatt er i bruk. Undredal stavkyrkje kan også skryte på seg at ho er Nord-Europa si minste stavkyrkje. Det spesielle med kyrkja i Undredal er at ho berre har 40 sitjeplassar, og har ein storleik på 12 x 4 meter.

Førhistorien til kyrkja

Kyrkja har ein spennande historie bak seg med tanke på at ho truleg er bygd i 1147. Kyrkja var i privat eige frå 1725 – 1867, og det var Hans Thiis Nagel som kjøpte kyrkja først. Han var fut ifrå Sunnfjord, og var ein av dei rikaste og mektigaste menn som levde i Sogn og Fjordane på den tida. Likevel selde Hans Thiis Nagel kyrkja i 1732, og fram til 1867 var det mange ulike personar som eigde kyrkja. I 1867 vart kyrkja seld til Undredal sokn.

For lita?

Undredølene var nok glade for å få att kyrkja si, men tykte framleis kyrkja var for lita. På den tida budde det ca 250 innbyggjarar (1859) i Undredal, og krava i kyrkjalova tilsa at kyrkja skulle ha plass til om lag 80 menneske. Difor vart det mykje snakk om kva ein skulle gjere med kyrkja. Skulle kyrkja rivast og ei ny kyrkje førast oppatt eller måtte undredølene reise til Aurland for å nytte kyrkja der? Formannskapet i Aurland diskuterte denne saka i 3 år. Dei ynskte ikkje å rive kyrkja, og håpa heile tida på at kyrkja skulle verte stor nok for undredølene.

Museum på Kaupanger

Undredølene var langt frå å få ha kyrkja si i fred. I 1844 var det berre ei dobbelrøyst som hindra at kyrkja vart flytt til Nærøyfjorden. Og i 1913 kjøpte godseigar Gert Falch Heiberg kyrkja. Han ville flytte kyrkja til museumet på Kaupanger, der han bygde opp eit folkemuseum på garden sin, Amla. Heiberg hadde allereie kjøpt ei lensmannsstove frå Undredal. Og på alle folkemuseum var det ei kyrkje, og kva passa ikkje betre enn stavkyrkja i Undredal? 

Fortsatt snakka folket i Undredal om kva som skulle gjerast med kyrkja. Skulle den rivast, flyttast eller seljast? Og no byrja det å haste for kyrkja var i dårleg forfatning. Difor vart det bestemt at Heiberg skulle få kjøpe kyrkja på eit vilkår, at kyrkja vart ståande til det var skaffa nok pengar til ny kyrkje. Dette gjekk i orden, og Heiberg betalte 1250 kr for kyrkja. Pengane vart sett inn på ein øyremerka konto i Aurland sparebank. I tillegg lova Heiberg tømmer til oppføring av ny kyrkje.

Flytting av stavkyrkja

Då skulle ein tru at undredølene var glade, og at dei såg fram til å få ny kyrkje. Så enkelt var det nok ikkje. Flyttinga vart utsatt, og i dei seinare åra vart det mykje skriving i avisa om kyrkja. Det heile enda med at undredølene ikkje følte seg trygge på at kyrkje ville verte oppført som stavkyrkje på museumet til Heiberg. Difor tok dei initiativet til ein underskriftskampanje for å redde kyrkja. Undredølene fann ut at det beste for kyrkja, var at ho vart verande i Undredal. Det var der ho høyrde heime.

Framleis eigde Heiberg Undredal stavkyrkje, og pengane han hadde betalt stod urørte på kontoen. Åra gjekk, og ikkje før i 1982 fekk undredølene ei avgjerd på saka. Då bestemte konservator Olav Aaraas at alt tyda på at kyrkja vart ståande i Undredal, og pengane som stod på kontoen skulle overførast til Undredal Sokneråd. Dermed vart soknerådet i Undredal 12000 kr rikare. Desse pengane vart nytta til å kjøpe nytt orgel til kyrkja.

 Den dag i dag

Undredal stavkyrkje har hatt eit innhaldsrikt liv med tanke på alle diskusjonane som har vore opp gjennom tidene. Fortsatt kan folket i Undredal skryte på seg mykje rundt kyrkja. Kvar sommar kjem det mange turistar til bygda for å besøke den vesle stavkyrkja.

På sommarstid er kyrkja open slik at enkeltpersonar eller grupper har moglegheit for å få guida omvising i kyrkja. Omvisninga føregår på ulike språk som t.d engelsk, tysk og fransk. Omvisninga er spesiell med tanke på at du er i ei lita stavkyrkje. Og det gjev spesielle kjensler hjå mange.

Mange turistar forelskar seg i den vesle kyrkja, og kjem att med ulike ynskjer; dei vil gifte seg eller døype barna sine i kyrkja.

CC BY-NC 4.0 Ei perle i Undredal av Nina Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nina Marie Hylland,2009
Kjelder: Djupedal, Torkjell "Undredal - kyrkja og bygda" Selje Forlag 1997
Kommune: Undredal