Sidemeny+

Brønne i Tråene

Posted on 23. nov 2009 by in Jordbruk

Foto: Cecilie Skogheimcbn

Nyabrønne i Tråene

Ordet brønne betyr å gi dyra vatn.
I Fresvik har det vore to brønne. Det eldste sto i Solali, der vegen frå Solali kjem ned i Storevegen.

 

Plassering i kart

Det gamle brønnet var svært gammalt, og me veit ikkje kven som bygde det. Då den gamle vegen under Solali rasa ut, flytte dei det gamle brønnet ned til Tråene. Men til slutt smuldra det opp og blei øydelagd. Etter ei stund laga Hans H. Bjørnetun eit nytt brynne som vart kalla Nyabrønne. Det blei laga rundt 1940. Det vart sett opp i Tråene der me enno har eit brønne.
Det brynne som står i Tråene i dag er laga av Jarle Breilid.

Dei laga brønne av ei grov trestamme og hogg ut ei fordjuping til vatnet. Slike utholingar vart kalla bryer og vart brukt til ulike ting. Me har namna meiskebrya, grisebrya og brønnebrya. Meisk er den væta som kjem først når ein brenner tjørnehjell. Meisk blei brukt til medisin, t.d. hostemedisin. Ei meiskebrye blei brukt til å meiska fetlingar.

 

CC BY-NC 4.0 Brønne i Tråene av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anna Yi Xiang Bøtun, Cecilie Skogheim, 2009
Klassetrinn: 7
Kjelder: Kåre Bøthun Marta Stokkenes
Kommune: Fresvik