Sidemeny+

Aurlandsskoen som pedagogisk ressurs

Posted on 23. nov 2009 by in Arbeidsliv

Aurlandsskoen har vorte produsert i over hundre år, og dette har sett spor i aurlandssamfunnet på fleire ulike områder. Som handtverkstradisjon, sysselsetning, skatteinntekter til kommunen og ikkje minst som tradisjonsoverførar frå generasjon til generasjon, har skoen bidrege til at han i desse dagar er komen på museum.

Plassering i kart

Frå gamal tid til ny epoke

Opplegget kan stå åleine, eller vera ein del av eit opplegg i 8.klasse, der elevane skal bli kjendt med ulike arbeidsplassar i kommunen. Den tredje varianten og kanskje den mest spenstige er å kople det til «Otternesprosjektet». Eit trevekersprosjekt der elevane i 8.klasse hospiterar og brukar garden Otternes som base for praktisk læring.

Her vil eg uansett opplegg, meisle ut eit undervisningsoplegg over 3 timar. Elevgruppa må ikkje vera for stor. For å få til ein god læringsituasjon, bør ei gruppe på 7-10 elevar  vere passleg. Ein deler inn øktene i tre med nokre små pausar imellom. Dei to første øktene (50 min) kvar, vil føregå på Aurland skofabrikk (AS) og i «Den gamle verkstad» (DGV) sine lokale. Deretter byter ein om. I desse øktene vil ein få ein gjennomgang av korleis skoen er oppbygd hjå AS og korleis skoen vart oppbygd i gamledagar DGV. På begge stadene vil elevane sjå utstansing av ulike deler og få vite namn på dei ulike delene, frå utstansing til ferdig produkt. Den siste timen vert nytta i visningssenteret der mellomanna ein film frå NRK med Pernille Anker (ca.20 minutt) vil vera sentral. Her får ein mellom anna demonstret handsying av aurlandssko av Harald Wangen. Denne forma for produksjon var han den siste til å utøva. Tilslutt vert elevane utfordra til å lage ein samansett tekst om Aurlandsskoen anten i grupper eller som einskildtekst gjerne i Geoatlas. Den faglege forankringa vil for det meste ligge i norsk, naturfag og samfunnsfag.

CC BY-NC 4.0 Aurlandsskoen som pedagogisk ressurs av Torbjørn Ohnstad Skaim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torbjørn Ohnstad Skaim, 2009