Sidemeny+

Aurlandsskoen på sotteseng eller skomakar bli ved din lest

Posted on 19. nov 2009 by in Arbeidsliv

Den 1.juli 2009 opna dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete ”Econ museum nortern Europe” (ECO)   for aurlandsskoen i lokala til Aurland skofabrikk. Grunntanken i dette museum eller visningssenteret er, at ein skal kombinere både det kulturelle aspektet ved aurlandsskoen, og aktivt drive produksjon av skoen. Aurland og Flåm har lang tradisjon i produksjon av skoen noko som tek oss over hundre år tilbake i tida.

Plassering i kart

 Dei første åra

Dei første spor etter aurlandsskoen finn ein tidleg i det 19.århundre. Ein reknar 1908 for det første året då skoen vart presentert for den ”menige mann”. Det hadde likevel eksistert former for skoproduksjon i Aurland frå slutten av 18.hundertalet.

”Han Urda-Lars (1852-1937) var skomakar. Han hadde stor huslyd, liten verkstad, men godt humør. Han budde på Øyri der han hadde tuft og ein liten åkerlapp. Skomakar-reidskapen hans var einkel. Han klakka læret på ein rundvoren stein han hadde funne i elvagranden. Han hadde eit par små skomakarmaskiner, men det meste av arbeidet vart gjort med hand. Han arbeidde mykje tesesko der han sydde eller lappa solane under med hand. Han var ein meister til å få grisabusti til å sitja godt fast til bekatråden. Desse teseskoa eller snaukopa som dei vart kalla, var særs gode i urd og ulende for dei var so mjuke at dei hekk godt på steinane, og dertil var dei lette å gå med. Lars arbeidde og pluggasko, men dei var for stive til markagong”. (Ohnstad A. 1990) .

Teseskoen var på forn noko lik ein mokasin. Men det var fyrst då Nils Gregoriussen Tveranger (1873-1953) kom til Aurland, at skoproduksjonen av den første aurlandsskoen, øyreskoen kom i gang. Denne, som vert rekna for den elste typen, hadde øyre og vanleg snøring og hælen var større enn på mokasinene. I tilleg var det dekorasjonar oppå skoen (bjoren). Fram mot fyrste verdskrigen hadde Tveranger denne skotypen på fleire landsutstilligar, og ein kunne i 1914 finne reklametrykk i Bergens Tidende for skoen.

Utover 1920-talet kom fleire til og utviklinga gjekk i den lei at fleire etterkvart no tok til å produsera aurlandsskoen slik me kjenner han i dag. Den gamle øyreskoen fall etter kvart heil bort. Tveranger hadde i ungdommen vore i Amerika og det er vorte fortalt at han hadde kome i kontakt med folk som gjekk i mokasiner, dette saman med teseskoa sin mokasinform kan ha gjeve ideen til mokasina, slik me kjenner aurlandsskoen i dag.

Etterkvart som dei eldst skomakarane tok til å dra på åri, slike som Nils G. Tveranger, Gustav Nesbø og Kristian Ohnstad, dukka det opp nye folk: Skaim & Breisnes, Andreas Wangen, Nils og Herman Ohnstad, Harald Wangen og Hans Aasen m.fl. Desse låg sentralt til på Aurlandsvangen, i tillegg hadde ein m.a Ludolf Sviggum i Flåm. Fleire av desse verksemdene var i drift før andre verdskrigen.

  Aurlandsskoen og aurlandssamfunnet

Frå 1930 åra og fram til 1970 hadde aurlandsskoen stor betydning for aurlandssamfunnet. På det meste frå 1950 og til 1965 sysselsette produksjonen av sko mellom 80 og 90 mennesker noko som og hadde stor påverknad på skatteinntektene til kommunen. Salet føregikk ikkje berre frå fabrikk, men også til grossistar både i Bergen og Oslo. Frå Skaim & Breisnes hadde dei også stor eksport av sko til Danmark.

 Aurlandsskoen etter 1970

Då den store kraftutbygginga tok til i Aurland kom tilbakeslaget for skoen. Fleire og fleire la med verkstadane sine og byrja på anlegg. Her var lønningane langt betre og arbeidslivet og arbeidsrolla forandre seg. No vart dei lønnsmotakarar i staden for arbeidsgjevarar.

Ein fabrikk vart likevel att og held produksjonen ved like. Ansgar Wangen hadde overteke etter Andreas Wangen, og ilag med kona Eldbjørg og seinare sonen Svein Idar dreiv dei produksjonen vidare slik vi kjenner han i dag.

  Stoda i dag

I 2008 overtok Aurland kommune og Aurland Sparebank eigarskapen til skofabrikken. Drifta vart ført vidare av Svein Idar Wangen, som no er dagleg leiar. Ein har også  tilsett feire medarbeidarar i bedrifta.

Med dette som bakgrunn var det svært viktig å på plass eit visningssenter for aurlandsskoen noko som altså vart ein realitet 1.juli 2009. Visningssenteret skal kombinera kultur og næring. Det er eit mål å skapa eit økonomisk grunnlag, som skal bidra til å ta vare på handverket, samstundes som det skapar nye og spennande arbeidsplassar.

 

CC BY-NC 4.0 Aurlandsskoen på sotteseng eller skomakar bli ved din lest av Torbjørn Ohnstad Skaim er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Skaim, Torbjørn Ohnstad, 2009
Klassetrinn: 8.klasse
Kjelder: www.wikipedia Nils Gregoriussen Tveranger Ohnstad, Anders. Bygdebok for Aurland bind III 1990
Kommune: Aurland