Dale skule sitt kulturminne 2009: Hesteskår

Stovehus, fjøs og løe på Hesteskår. Denne husmannsplassen er Vestlandets eldste.
Hesteskår er truleg den eldste husmannsplassen på Vestlandet.
Småskuletrinnet ved Dale skule i Luster valde den som sitt kulturminne i 2009.
Har arbeidd med husmannsvesenet
Dale skule i Luster har i år 33 elevar på småskuletrinnet, 1.- 4. klasse. No på hausten har me arbeida med tema husmannsvesenet og gjort oss kjende med Hesteskår. Me har fått høyrt fortalt at Luster kommune skilde seg ut frå resten av fylket med at her var svært mange husmannsplassar. Me har sett på gamalt kart, og på vegen frå skulen og til Hesteskår har der vore omlag 15 husmannsplassar. I dag er det få husmannsplassar att, og i Hesteskår er det eit heilt tun med 5 bygningar. Til Hesteskår er det 15-20 minutt å gå frå skulen; me har vore der og gjort oss kjende med bygningane og historien til plassen. Me tykkjer det er viktig å ta vare på plassen, og vel den som vårt kulturminne 2009.
Husmannsplassen Hesteskår
Plassen er 400 år gamal, den er spora tilbake til 1600-talet. I dag står det fem hus på tunet og me ser murar etter fleire. Dei fleste husa er frå 1800-talet. Det mest spesielle er stovehuset som er bygd saman med fjøsen og løa. På ein takbjelke i stova ser me talet 1802.Elles er der eit stabbur som står på fine murar. Over stovehuset står eit tobakkshus. I Luster har det vore dyrka mykje tobakk og i Hesteskår hadde dei og eit eige hus til å turke tobakken. Det er heller ikkje mange tobakkshus som står att i Luster. I tunet står og eit eldhus med loft oppå, og eit grisehus.
Me ser og murar etter andre bygningar. Nedanfor fjøsen ser me murane til eit møkhus, og bort mot grisehuset ser me murane etter utedoen.
Det er mange murar på markene ovanfor tunet og gamlevegen til Dalsdalen går forbi Hesteskår.
Me har sett at husa i Hesteskår treng å repererast, og dette arbeidar ein med å få til.Me har høyrt litt om korleis det var å vera husmann. Me tykte det var interessant med dyra.. I Hesteskår hadde dei kyr, sauer, gris. Dei har og hatt hest, for der er stall til høgre på fjøsen. Hesteskår var husmannsplass fram til 1902.
Til våren er det tenkt ein temadag i Hesteskår, og me har fleire idear om kva me kan gjera vidare i arbeidet med Hesteskår.
-
Stovehus, fjøs og løe på Hesteskår. Denne husmannsplassen er Vestlandets eldste. Foto: 1. og 2. klasse ved Dale skule cbn
- 3434
-
Her ser me eldhuset på plassen. Foto: Marta, Frida og Henrik v/Dale skule cbn
-
Her ser me at det er behov for reprasjon. Foto: 1. og 2. klasse ved Dale skule cbn
-
Her ser me stabburet. Foto: Peter, Magnus og Anne Marie ved Dale skulecbn
-
Støtte på stabburet. Foto: Emilie A.O ved Dale skule cbn
-
Tobakkshus. Foto: Erlend,Janne,Zakarias og Geir Asle ved Dale skulecbn
-
Her ser me ei slåe på dør. Foto: Emilie S. ved Dale skule cbn
-
Denne mjølkekollen stod ute. Foto: 1. og 2. klasse ved Dale skule cbn
-
Noko av det me såg av gamle ting på husmannsplassen. Foto: 1. og 2. klasse ved Dale skule cbn
-
Denne hang inne i stova. Foto: 1. og 2. klasse ved Dale skule cbn
-
Årstal i takbjelke i stova. Foto: 1. og 2. klasse cbn
-
Grisehuset på Hesteskår. Foto: Robert, Hans Kristian, Magne ved Dale skule cbn
-
Marka over tunet Foto: 1. og 2. klasse cbn
- u8u89
Dale skule sitt kulturminne 2009: Hesteskår av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.