Løypestreng på Skausvollen.

Løypestreng på Skausvollen
Dette er kanskje den einaste løypestrengen i Fresvik som framleis er i bruk og i god stand.
Plassering i kart
Eigar er Sigrun Kvammen Pedersen.
Han ligg tett ved høyløa på Skausvollen. Han blir brukt framleis til å fire ned høy frå bakkane over.
Tidlegare blei han brukt til både høy og lauvkjervar.
Han er godt vedlikehalden og har god mulegheit
til å stramme opp strengen, noko som er vorte gjort av og til.
Løypestreng på Skausvollen. av Bøthun Øyri Anne Marie er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.