Sidemeny+

Horngjel (Belone belone)

Posted on 4. sep 2009 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

8a viser fram ein horngjel som rektor har fiska i Gloppefjorden

Som de ser av bilda, er horngjel ein lang slank fisk. Denne fisken kom rektor Olav Søreide med ein gong våren 2009. Elevane i 8A studerte fisken, dissekerte han og tok bilde. Sjølv om vi gløymde å måle lengda på fisken, kunne vi med hjelp av matematikk og målestokk, finne ut at denne horngjelen målte 84 cm.

Horngjel
Horngjelen liknar på makrellgjedda, men i motsetnad til makrellgjedda har den ikkje rygg og gattfinne. Fisken er tynn og kan bli opp til 90 cm lang. Det som er mest spesielt, er at dersom vi skjer opp fisken, ser vi at knoklane har ein sterk grønfarge . Knoklane inneheld eit ufarleg vasshaldig stoff som heiter vivanitt. Det er det som gjer knoklane grøne. På utsida kjem det ofte små, tynne og glatte skjel, men dei dett lett av. Horngjelen kan vege opp til 1,3 kg. Snuten liknar på eit nebb, fordi kjevane er spisse og lange. På kjevane er det veldig mange små og spisse tenner. Når fisken er liten, er det underkjeven som veks først, deretter overkjeven. Horngjelen lever frå Nord-Afrikas vestkyst, i Middelhavet og nordover langs heile Norskekysten. Det er ikkje vanleg å finne han nord for Trondheimsfjorden. Horngjelen sym i små eller store stimar. Om vinteren trekkjer den seg ut i Atlanterhavet utanfor kysten av Europa, der temperaturen er høg nok til at den kan overleve.

Gyting
Horngjelen gyt helst på grunt vatn langs kysten i mai og juni. Hoa har 30 000 til 45 000 egg, som ho legg i fleire porsjonar. Egga er ca 3,0-3,5 mm i diameter. På egga er det heftetrådar som gjer at dei lettare festar seg til steinar og vegetasjonen. Egga blir klekte etter 2 til 3 veker, då må vatnet vere mellom 16 og 20 grader.

Matfisk
Horngjelen er ikkje giftig, men er ein god matfisk til tross for litt tørt kjøtt. I Noreg har den ingen økonomisk betyding. I Middelhavet og Svartehavet er den derimot ein meir populær og høgare skatta fisk.

CC BY-NC 4.0 Horngjel (Belone belone) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Kristin Haraldsvik 9a 2009