Sidemeny+

Vanleg tredrepar (Cossus cossus)

Posted on 21. aug 2009 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Vanleg tredrepar

Tredreparar (Cossidae)
Tredreparane er ein familie av middels store til svært store sommarfuglar. Larvane utviklar seg i veden på levande busker eller tre. Roger og Olav i 9. klasse ved Gloppen ungdomsskule, fann denne store larven på ca 10 cm her ein dag.

Plassering i kart

Utbreiing og levevis
Dei vaksne sommarfuglane i denne familien, flyg om natta. Dei er svært artsrike i Australia, der det er 87 kjende arter. Av desse finn vi 4 i Europa og tre i Norge.
Den 10 cm lange larven du ser bilde av her, heiter vanleg tredrepar (Cossus cossus). Denne vert til ein stor, kraftig, grå sommarfugl som ein kan finne nordover til Nordland. Larven lever og utviklar seg i svekka lauvtre. Etter at larven er blitt 2-4 år gammal, kan ein sjå han krype rundt på leit etter ein stad å forpuppe seg.
Gjennom heile sommarfuglstadiet tek dei ikkje til seg næring, så dei lever såleis ikkje så lenge. «Nistepakken» dei tærer på, er feittreservane dei fekk med seg ved klekking.

Larvane kan etast
Tredreparlarvane er store og feite, så sjølv om dei skil ut ulike sterkt luktande stoff, er ein del av dei ganske velsmakande om dei vert rett tillaga. Her i Norge er det heilt sikkert dei ulike hakkespetta som har tredreparen på menyen.

CC BY-NC 4.0 Vanleg tredrepar (Cossus cossus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2009