Sidemeny+

Stillits (Carduelis carduelis)

Posted on 18. jul 2009 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Stillits

Stillits, eller på latin, Carduelis carduelis er ein fugl i finkfamilien. Det er ein stand- og streiffugl. Den er ikkje redd for menneske og kan dermed beundrast på ganske nært hald.
 

Utsjånad:
Den er litt mindre en ein gråspurv, hannen og hoa er omtrent like store. Begge med sterkt raudt ansikt, gule og svarte vingar, elles på kroppen er dei begge kvite, svarte og brune. Dei ser nesten tropiske ut med alle dei skarpe fargane sine. Om hausten fyk dei gjerne i flokk på opp til eit par hundre individ.
Sang:
Stillitsen har fått namnet sitt på grunn av lokketonane som ofte vert gjengitt som «stiglitt». I andre bøker vert det skrive som «pu-ppupi-pupipupi». Varselropet er eit mjukt «ææi». Stillitsen har ein vakker kvitrande sang som minner om kanarifugltonar. Både hofuglen og hanfuglen syng.
Mat:
Stillitsen et i hovudsak frø frå ugrasplantar som tistel, borre og høymole. Dei kan og ete litt bjørkefrø og ein del insekt.

Hekking:
Den byggjer reiret sitt godt kamuflert ytterst på ei grein. Der legg den vanlegvis 4 til 5 blåkvite egg med raudbrune flekkar. Den kan legge egg fra begynelsen av mai til godt ut i juli. Egga bli ruga av  hofuglen i 11 til 14 dager før dei blir klekt. Når egga er klekte kjem hannen med mat, ungane vert fora med oppgulp. Dei er flygedyktige etter 13 til 18 dagar.

Utbreiing:
Stillitsen hekker i det meste av Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia. Rundt 1950 byrja stillitsen å hekke i Noreg. No hekkar den rundt Oslofjorden, på Sørlandet og i Rogaland.

 

CC BY-NC 4.0 Stillits (Carduelis carduelis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håvard Hovstad 9c 2010
Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia