Sidemeny+

Flikmelde (Atriplex prostrata ssp. calotheca)

Posted on 30. jul 2009 by in Landskap, Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Flikmelde

I sentrum av Nordfjordeid finn du den sjeldne og raudlista flikmelda. Miljøvernminister Erik Solheim sende for ei tid tilbake postkort til ordføraren i Eid kommune, og ba ho passe godt på denne sjeldne blomsten. Han veks i strandkanten i Nordøyrane. Merkeleg nok pågår det utfylling i dette området. Nok ein gong må våtmark på Eid vike plassen for steinmasser frå Lotetunellen.

Flikmelde

Flikmelde kan bli opp til 40 cm og er knytta til tangvollar, og er kjent frå spreidde førekomstar frå Østfold til Sogn og Fjordane. Planten har liggjande eller opprett stengel med store, trekanta, kvasstagga blad. Planten er eittårig og formeirer seg såleis med frø frå år til år. Mange av veksestadene har vorte øydelagde av ulike utbyggingstiltak i strandsona, og planten vert no rekna som sterkt truga. Førekomsten i Eid er den nest nordlegaste i Norge.

Flikmelde veks også utanfor sentrum

For meg var det naturleg å sjå etter denne planten vidare utover langs Eidsfjorden. I ei vik ute på Naustdal fann eg ein liten forekomst av flikmelde. Det kan såleis vere eit tips å leite etter fleire slike lokalitetar, slik at ein kan ta vare på denne raudlista planten. 

CC BY-NC 4.0 Flikmelde (Atriplex prostrata ssp. calotheca) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2009