Sidemeny+

Åkersvinerot (Stachys palustris)

Posted on 30. jul 2009 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Åkersvinerot

Det har vore ein del strid om utfylling og utbygging i området Nordøyrane ved Strandgata på Nordfjordeid. Dette mest fordi den sjeldne flikmelda veks der. Det er fine eksemplar av åkersvineblom og i dette området.

 

Beskrivelse
Åkersvinerot er ein fleirårig, mattgrøn urt som kan bli opptil ein meter høg. Karakteristisk for planten er dei underjordiske strengutløperane, som er kvite og leddete. Åkersvinerota spreier seg lett, og kan difor vere eit plagsamt ugras. Blada er silkehåra, og kan bli opp til 10cm lange. Dei har ein takkete kant. Blomstrane til åkersvinerota er toleppa med hårete ytterside. Dei vanlegaste blomstrane er lysrosa med mørke teikningar på underleppa, men heilt kvite blomstrar kan ein også finne, sjølv om dei er sjeldne. Åkersvinerota blomstrar frå juli til september. Planten luktar vondt, men ikkje så ille som den nærståande arten skogsvinerot.

Bruksområder
Åkersvinerot er ei urt som kan ha medisinske eigenskapar. Den kan brukast ved indre og ytre bløding, sår, mindre skadar, leddsmerter, krampe, diaré, epilepsi, feber, søvnløsheit og svimmelheit. Åkersvinerot har i mange år blitt brukt som medisinsk middel, særleg for å lege sår. Det er difor planten på engelsk bil kalla woundwort (sårurt). Urten kan i frisk tilstand leggast på sår og blødninga vil stoppe. I mange land har åkersvinerot også blitt samla og brukt som fôr, særleg for grisar og høns. Det er av dette namnet svinerot kjem frå.

Utbreiing
Åkersvinerot er ein art med fleire underartar. Underarten som finst i Noreg har sin utbreiing i Europa og Vest-Asia. I Noreg er åkersvinerot vanleg i lavlandet nord til Trøndelag, men veks også sprett vidare til Nordland og Troms. Åkersvinerot føretrekker fuktige vekststader, som strandkanter, grøfter, beitemarker og fuktig åkerjord.
 

CC BY-NC 4.0 Åkersvinerot (Stachys palustris) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Daniel Reed Hjolmann 9c 2010