Sidemeny+

Stein til Bergensgatene frå Hjeltestøa ?

Posted on 3. jun 2009 by in Immateriell kulturarv

Foto: Håkon Haukøycbn

Kan dette vere noko anna enn ein gatestein ?

«Du veit mykje, du Arvid,» ymta eg frampå. «Ja, hugs no på at då eg voks opp, sat me med talgljos og parafinlampe i kveldsstunda.»
«Veit du om det er sant ?» spurde eg forsiktig. «Eg fekk det no fortalt slik, og hugsar det slik, og foreldra og besteforeldra mine var flinke forteljarar.»

Plassering i kart

Hjeltestøa, kvar er det ?
I dag veit nesten ingen om plassen, men ein og annan bøfjording har sikkert vore der med trollgarna sine og sikra seg juletorsken, eller turisten og framandkaren har landa nokre fine makrellar der i sommarkveldsstunda medan solskiva heng gloraud i vest over Rutletongane. For staden, ja, det er norsk natur på sitt beste !
Men kor ligg Hjeltestøa ? Ror du langs landet utover på nordsida av Bøfjorden, vil du frå Hatlevikneset og utover forbi Trelevika merka deg kor lagdelt fjellet i strandkanten er. Vestom Trelevika eit stykke liknar det mest ein stabel med flatbrød, ogher har laga falle frå kvarandre og danna små hellerar med mykje småstein framfor; småstein som liknar store sukkerbitar.

Kva kan ha skjedd ?
Ja, kva kan årsaka vere ? Ver og vind ? Og frost og varme gjennom lange tider, eller er det spor etter menneskeleg verksemd hundreår attende ?
Arvid fekk fortalt at det her vart henta stein som vart brukt til brustein i Bergensgatene. Slett ikkje noka «bort-i-natta-forklaring», og kanskje vil den som leitar og bryr seg, finne litande dokumentasjon.

CC BY-NC 4.0 Stein til Bergensgatene frå Hjeltestøa ? av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy, 2009
Kjelder: Arvid Rysjedal
Kommune: Rysjedalsvika