Matematikk og læring i nærmiljøet
Kvam skule er ein 1-7 skule i Nord-Fron kommune. Sissel Moen er lærar ved skulen og som student på vidareutdanninga Matematikkdidaktikk for mellomsteget (Høgskulen i Sogn og Fjordane), har ho levert ei oppgåve om matematikk og nærmiljøet. Artikkelen tek sikte på å inspirera lærarar til å «leita» etter matematikk i nærmiljøet.
Plassering i kart
Klatrestativ
I skulegarden er det eit klatrestativ av tre pålar og tre dekk. Dette gir eit godt grunnlag for arbeid med rom og form.
Elevane skal ha trening i å uttrykkja seg munnleg: Å kunne uttrykkje seg munnleg i matematikk inneber å gjere seg opp ei meining, stille spørsmål, argumentere og forklare ein tankegang ved hjelp av matematikk. Det inneber òg å vere med i samtalar, kommunisere idear og drøfte problem og løysingsstrategiar med andre (LK06). Det vil vera naturleg at elevane brukar det munnlege spåket når dei skal omtala sylinder, sirkel eller likesida trekant i denne samanhengen.
Kvadratiske fliser
I skulegarden er det kvadratiske fliser og her kan elevane eksperimentera med tal: summen av to oddetal er eit partal, summen av dei tre første oddetala er lik det tredje kvadrattalet. Det er grunn til å merka seg at grekarane studerte eigenskapane til tala ved å leggja ut småstein i geometriske mønster: partala kunne arrangerast i eit rektangulært mønster med breidde 2. Dei studerte tala i ein geometrisk samanheng. Tek me utgangspunkt i at eleven har bygt kvadrattalet 25 som summen av oddetala 1,3,5,7,9 kan me stilla spørsmålet: Korleis vil du byggja det neste kvadratet? Les meir< ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />
Krigsminne
Kyrkja i Kvam er frå 1952. Den gamle kyrkja frå 1777 brann under krigshandlingane i 1940. Elevane kan samtala om trekant, rektangel, kvadrat, trapes, åttekant og geometrisk mønster på taket. Les meir om geometri i kyrkja.
Eit naturleg framhald vil vera krigsminnesamlinga der ein kan arbeida med geometri i krigsminneparken og sjå på den utstilte kanona.
Sponplatefabrikken
På sponplatefabrikken møter elevane mange sylindrar. Dette er noko læraren kan bruka som samanheng i undervisning både når det gjeld volum og overflaterekning.
Matematikk og læring i nærmiljøet av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.