Historia bak «russarbrakka»
Under krigen var opptil 1200 russiske tvangsutskrivne arbeidarar plassert i store brakkeleirar i Årdal. På Årdalstangen låg leiren i Saltviki.
Plassering i kart
Etter krigen vart leiren nytta som husvære for familiar som flytta til bygda for å ta seg arbeid i industrien. Etter kvart vart brakkene sanert, men i dei siste åra har den siste attståande brakka vorte restaurert av Årdal sogelag. Inne har ein samla møblar og anna inventar som dokumenterer historia til brakkeleiren.
Historia bak «russarbrakka» av Jan Grønsberg er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.