Garnfiskaren i Bøfjorden
I gamle medlemsblad frå lag og organisasjonar kan du finne mange gode soger som i utgangspunktet verkar nokså truverdige. Sanne kan dei også vere, medan somme av dei har mykje av vandrehistoria i seg. Her kjem ein historie frå Bøfjordingen, nr. 2 – 1997.
Plassering i kart
Gode forteljarar
Malvin Rysjedal har skrive ned denne soga. Malvin er ein framifrå forteljar, og frå 1960 og fram til i dag, har han hatt hovudroller i mange spelstykke som ungdomslaget i Bøfjorden har sett opp. Alle kring Bøfjorden har mest kvart år sett fram til 17. mai og kvelden med framføring av skodespel med Malvin Rysjedal som sentral aktør. Elles er Malvin Rysjedal ein sentral person i Hyllestad og Lavik trekkspelklubb, og han har også sjølv skrive bygdedrama.
Sundag som kvardag
Når dette hende, veit vi ikkje, men vi må i alle fall attende til sokneprest Bruknapp si tid på femti-seksti-talet.Trua har hjelpt så mange, heiter det, men det var ikkje alle som trudde så voldsomt. Ein kar frå Bråstad var på fjorden med garna sine både seint og tidleg når torsk og hyse seig opp i Bøfjorden midtvinters. Desse vekene tok han mest ikkje til seg mat, -vart både folkesky og asosial. Heilt respektlaus, hevda kjerringa hans.
Kyrkjekaffi
Men ein sundag måtte han til kyrkje, og det var ikkje ofte slikt skjedde. Det ryktast at det skulle vere triveleg opplegg i Bøkyrkja med besøk av misjonsforening, citarspel og fleirstemt song, og det heile skulle avrundast med kyrkjekaffi. Alt dette gjorde bråstadgubben litevetta nyfiken, og han fekk både drege og sett garna sine før konemora hadde kokt sundagsegget. I god tid bar det i bestebåten tvers Bøfjorden og til kyrkjes.
Fiskaren Sebedeus
Nesten heile bygda var på kyrkjeveg denne dagen, og soknepresten merka seg straks fiskaren frå Bråstad i kyrkjebenken. Han vart både overraska og inspirert, og benytta sjølvsagt anledningen til å snakke ut frå Skrifta der det stod om fiskarane Simon og Sebedeus på Genesarets sjø, men som gav opp fiskeria og følgde Meisteren. Dette temaet gjorde den lokale fiskaren svært betenkt; her fekk han noko å bry tankane med.
Kyrjekaffi med noko attåt
Etter kyrkjekaffien var bøfjordfiskaren svært tankefull og oppteken av å få ein prat med presten, og han lukkast med det. No fekk presten eit glimrande høve til å predike viktige poeng frå testamentet meir utførleg, og meir og meir undrande vart bråstadkaren. Han reiste seg opp og gjekk heilt bort til presten og spurde: «Unnskyld, prest, var det verkeleg så at fiskarane forlet garn og not og følgde Jesus ?» «Ja, det var verkeleg slik,» stadfesta presten.
Karen stod lenge og grubla før han sa: «Og det var kanskje til dels nye garn óg ?»
Garnfiskaren i Bøfjorden av Håkon Magnus Haukøy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.