Digitale målingar i matematikk

Flyfoto frå Orvillingen - komprimert
Målingar er eitt av hovudområda i matematikk og med eigne kompetansemål etter 2., 4., 7., og 10. årssteget. Her tek me opp bruk av GIS (geografisk informasjonssystem) som eit digitalt verktøy til måling av lengd og areal. Artikkelen viser samhandling mellom høgskule og grunnskule i eit lite utviklingsarbeid for ein vidareutdanningsstudent i matematikkdidaktikk ved HSF. Elevane er frå Kvam skule i Nord-Fron kommune.
Plassering i kart
Struktur
Studenten fekk ei kort innføring i bruk av GIS med målingar av lengd og areal på Sognekart. Studenten lærde om bruken av viskelær, skriva tekst og laga hyperkoplingar til det aktuelle kartet. Etterpå prøvde me ut kartet i Nord-Fron (heimkommunen til studenten). Eg laga nokre startoppgåver for elevane på mellomsteget. Studenten gjorde arbeidet med elevane og laga eigne lokale oppgåver etter å ha brukt startoppgåvene.
Omkrins og areal til Gålåvatnet
Læraren brukte det kjende Gålåvatnet som døme på bruk av Gis. Før målinga tok læraren opp omgrepa areal og omkrins. Elevane forstod omkrinsen til å vera kor langt det var rundt vatnet og arelet som kor stort det var «inni». På denne måten var elevane klar over kva dei skulle måla.
Målingar på Orvillingen
Elevane laga eit høveleg utsnitt av Orvillingen og hadde lite problem med å gjera dei digitale målingane, men hadde kanskje litt problem med å vera nøyaktig. Dei fann ut att arealet til Orvillingen var 243308,7 kvadratmeter og det ville vore naturleg å diskutera om kvadratmeter var ei høveleg måleining. Elevane laga eigne oppgåver:
Kva er den kortaste vegen frå Bjørgebu til Orvillingen?
Kor langt er det frå Bjørgebu til Rondablikk når du går på vegen?
Kor langt er det rundt Skjemtjønna?
Dette er jammen fint å kunna
… no kan eg finna ut kor lang ein planlagd tur er, eller kor langt det er heim. Slik uttala ein elev seg om bruk av Gis og dokumenterte bruk av digitale verktøy og matematisk kompetanse i hovudområdet målingar. Elevane opplevde det som meiningsfylt matematikk når dei fekk gjera målingar på hus, fjøs, leikestove. Elevane treivst! Les meir om bruk av Gis eller les meir om bruk av matematikk i nærmiljøet?
- Flyfoto frå Orvillingen – komprimert
- Orvillingen – kartlenkja finn du under lenkjer
- Gålåvatnet – kartlenkja finn du under lenkjer
- Kvam kyrkje
Digitale målingar i matematikk av Jon Henjum er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.