Artige skuledagar om bord «Artic Fjord»
Våren 2009 hadde vi i 9. klasse ved Hyllestad skule arbeidsveke på skulen. Eg valde å få praktisk yrkesorientering på ein forbåt som går langs Norskekysten. Det verka som eit spennande yrke, i alle fall i høve til opplevingane mine dei dagane eg fekk vere om bord på båten.
Plassering i kart
Eg mønstrar på
Eg vart henta med bil på kaia i Florø og vart køyrt til båten. Då eg kom om bord, tenkte eg korleis dette skulle gå. Eg kom om bord i Florø fordi det er der dei lasta båten med sekk og bulk. Alle ville helse på den nye karen som kom, og eg helste på alle og fekk lugar og slikt.
Frå stad til stad på Vestlandskysten
Då ein time hadde gått, tok overstyrmann Ronny og viste meg rundt på båten og fortalde alt om mann over bord, brann osv.
Vi skulle losse berre 20 minuttar vekke fra fabrikken så det tok ikkje lange tida før dei skulle vise meg korleis det skulle gjerast med sekkene. Vi var innom mange plasser dei dagane eg var med båten – Villnes, Manger, Solund, Florø,Leirvik på Stord for å nemne nokre. Eg tipper på dei 14 dagene eg var med, var eg med å lasta og lossa over 500 sekker med for.
Elles so hadde vi bulk, det vil seie lausforet på tankar.
Fabrikk og båt
Fabrikken i Florø er no verdas mest moderne forfabrikk. «Artic Fjord» er 60 meter lang og 14 meter brei.
Arbeidsveka har verkeleg vore ein opplevelse for livet. Det var sanneleg verdt å reise, og eg håpar på at andre har lyst eller vil ha nytte av å reise på havet.
Arbeidsoppgåver om bord
Det du gjer som dekksgutt, er køyre kran, køyre truck, lasta sekk, losse sekk, vedlikehald på båten slik som måling og vasking. Du fortøyer båten og har masse interessante arbeidsoppgåver. Og så vasker vi litt. Då eg var om bord, hadde eg ingen dagar som var keisame.
Arbeidstid og fritid
Mannskapet jobber 3 veker på og 3 veker av og har betalt når dei er heime. Skipparane jobber skift, 6 timar på og 6 timar av. Resten jobber når dei må, om vi lastar og lossar om natta så gjer vi det. Elles så står vi opp halv 8 til frukost.
Mannskapet
Det er 5 om bord kvar gong, men no har dei ein lærling om bord, so dei er 6 stykke totalt om bord i båten.
Det er eit triveleg og kjekt mannskapet – ingen sure, sinte folk – berre glade toner heile tida.
Lastekapasitet :
Bulk (lausforet) : ca. 1100tonn
Sekk: 3000 tonn
Artige skuledagar om bord «Artic Fjord» av Håkon André Hatlem er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.