Sidemeny+

Vetti gard laga i ull

Posted on 9. mai 2009 by in Pedagogikk

Vetti gard laga i ull

Vetti gard laga i ull inspirert av garden «Vetti» som ligg i Utladalen naturvernområde. Dette vart min inspirasjon til eit tverrfagleg undervisningsopplegg, der eg legg vekt på praktisk arbeid med arkitektur i skulen.

Plassering i kart

Den mektige Utladalen i Øvre Årdal dannar inngangsporten frå vest til fjellområdet Jotunheimen. Jotunheimen ligg på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Frå Øvre Årdal kan du køyre bil til Hjelle, der kjem du til naturhusa «Skåri». Dette er inngangsporten til Utladalen naturvernområde. Derifrå kan du gå ein lett fottur fram til Vetti gard (ca 1 ½ time). Dette området er ein del av Jotunheimens Nasjonalpark. Området her er freda, slik at generasjonar etter oss også kan få oppleva den flotte naturen. 19 juni 2007,var det 30 år sidan vegen til Vetti vart laga. Denne vegen vart laga på dugnad, og har namnet «folkevegen». Frå Vetti gard kan du gå vidare til Vettisfossen som ligg ca 1/2 times gange frå garden. Denne fossen er Noregs høgaste frittfallande fossefall på 275m.

Stoffet vi finn om Vetti er mangfaldig og interessant, og det er mangt og mykje å gripe fatt i rundt dette. Difor kan vi nytte nærområdet og legge til rette for eit tverrfagleg prosjekt i skulen. Husa som vi finn er: røykestove, gjestestove, kårstove, løer, fjøs, og stabburet som er det eldste. Eg har teke utgangspunkt i dei gamle husa på Vetti gard, der eg strikka husa på garden. Eg laga ei tredimensjonal utstilling av garden, og la til musikk frå Edvard Grieg. Les meir om prosjektet på link «Vetti gard strikka i ull».

CC BY-NC 4.0 Vetti gard laga i ull av admin er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ingegerd Moene, 2009
Kjelder: Foto: Ingegerd Moene