Sidemeny+

Ut på tur aldri sur

Posted on 10. mai 2009 by in Pedagogikk

Kvamshesten

Sola skin og vi skal på tur med ei avdeling i Bygstad barnehage. Borna likar veldig godt å gå på tur spesiellt når vi skal i Eiaåsen.

Plassering i kart

TUREN TIL EIAÅSEN                                                                                                                                      

Borna finn mange spanande ting undervegs, heldigvis har vi med oss bøtter og dei blir snart fulle av ulike ting. Borna finn blomar, insekt og dei samlar på pinnar. Når vi nermar oss målet småspring borna og ein ser heilt klart at her likar dei å vere. Dei finn seg fort til rette og dei aktiviserer seg sjølve.

Dei finn kvitveis og løvetann og vi pratar litt om desse to, av løvetanna lagar vi

 

PLANAR FOR EIAÅSEN

Området i Eiaåsen skal opprustas der skal det byggjast eit bygg. TOmta til bygget er allerede greve ut så det er sjølve byggingsarbeidet som står att, dette vil blir gjort på foreldre dugnad. Det vil og bli sett opp ein utedo.Vi gledar oss til at dette kjem i orden så vi har noko å gå inni når vi er i Eiaåsen.

CC BY-NC 4.0 Ut på tur aldri sur av Marie-Sofie Sagevik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marie-Sofie Sagevik, 2009
Kommune: Bygstad