Sidemeny+

Ut på tur aldri sur

Posted on 11. mai 2009 by in Pedagogikk

Bygstad barnehage. Ein trygg stad å vere ein trygg stad å lære

Sola skin og ei avdeling i Bygstad barnehage skal på tur. Turen går til Eidaåsen. Barnehagen sitt næraste frilutftsområde. Temaet for dagen er løvetann.

Plassering i kart

Løvetann

Blomen vi skal sjå etter i dag er løvetann. Vi tek med oss ei bytte kvar til å samle den i. Det er stilken på blomen vi skal bruke mest, blant anna til å lage såpebobler med. Krussedullar skal vi også lage, dette blir spennande. Borna er entusiastiske og gledar seg til å gå på tur.

Målet for turen er Eidaåsen, men undervegs håpar vi å finne masse løvetann. Straks vi kjem utanfor porten ser vi den gule, lysande løvetanna. Borna spring i full fart «eg vil ha den» ropar dei. Her er det heldigvis nok å ta av. Etter kvart er mange svært ivrige etter å syne kva dei har fått i bytta si.

Eidaåsen

Når vi skal på tur om våren er det lett å gå bortover traktorvegen mot Eidaåsen. Med bytter fulle av løvetann og kanskje noko andre små ting, går vi i fint tempo mot målet. Praten går lett undervegs og borna lurer på litt av kvart. Ei seier ho har sett ein rev i skogen. To fortel at dei har sett hjort springe over vegen, ein gong tidlegare dei var på tur. Det har tydelegvis gjort inntrykk på dei.

Når vi er framme blir det laga i stand bål, og medan vi ventar på at pølsene skal bli varme, ser vi nærare på løvetanna. Det blir synt korleis vi skal lage krussedullar av stilken, og borna går fort i gang med oppgåva. Krussedullane blir samla i byttene, men det som blir mest populært, er å blåse såpebobler med løvetannstilken. Boblene fossar over bytter og koppar.

Årsplanen til Bygstad barnehage

Eitt av satningsområda til barnehagen i 2009 er uteliv og uteområde. Eitt av måla er å utvikle eit meir utfordrande og allsidig uteområde både på leikeplassen og i Eidaåsen. Borna skal oppleve glede ved å ferdast ute i naturen, og å vere ute i barnehagen.

Denne våren skal det setjast opp eit bygg i Eidaåsen, slik at borna kan ha noko å gå inni når dei er der. Tomta er klar, og resten av arbeidet med bygget er tenkt gjennomført mest på dugnad. Det skal og lagast ein ute do her. Borna gledar seg til hytta, som dei kallar det, blir ferdig.

Osen gard

Det er viktig for borna og verte kjende i lokalsamfunnet, og i Bygstad er det fleire stader ein kan reise på utflukter og ekskursjonar til. Ein av stadane er, Osen gard. Eigarane er Unn Karin Kleppe og Olav Johan Mo. På garden deira har det vorte gjort fleire funn frå Vikingtida. Dei tek gjerne i mot besøk av barnehage og skule, og fortel gladeleg frå denne tida. På denne garden vert og Gaularspelet synt annankvart år.

Folkestien

Gaular idrettslag og Helselaget har stått for opparbeidinga av ein flott folkesti i Osen. Denne blir også brukt av barnehagen og skulen. Her er ulike løyper å velje i, alt etter fysisk form. Eit veldig bra tiltak for lokalsamfunnet. Går du deg ein tur på folkestien kan det godt hende du møter på ein hjort eller to. Her finn vi også gammal ospeskog som Kvitryggspetten hekkar i.

CC BY-NC 4.0 Ut på tur aldri sur av Marie-Sofie Sagevik er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marie-Sofie Sagevik, 2009
Kommune: Bygstad