Sidemeny+

Ut i naturen med kunstblikk

Posted on 3. mai 2009 by in Kunst og kultur

Foto: Monique de Grootcbn

Alnus incana (Gråor)

Nikolai Astrup Frå Mo og Jølster vidaregåande skule er det ikkje langt til Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet. Ein gong eit brattlendt småbruk men i dag tatt i bruk som museum, kalla etter Nikolai Astrup (1880-1928), ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tallet. Han kjøpte småbruket på Sandalstrand i 1912 for å busette seg der med sin familie. Det var der han også hadde atelieret sitt. Han skildra som oftast naturen med hovudvekt på sitt nærområde. I heimbygdene (mellom anna Sunde og Ålhus) fann Astrup motiv og inspirasjon til sine naivistiske og sterk ekspressive bilete.

Plassering i kart

Naturen  Naturen har alltid vore ei kjelde til inspirasjon for biletkunstnarar. Spesielt på slutten av det 19. og byrjinga på det 20. århundret fungerte landskapet som utgangspunkt for ulike eksperimenter med form, farge og komposisjon til å visualisere inntrykk, idear og bodskapar. Sjå til dømes på dei 3 måleria til den nederlandske målaren Piet Mondriaan (1872-1944). Kvart av arbeida viser tydeleg ulike fasar i utviklinga. Hans tidlege arbeid er enno sterkt bygga på observasjonen av realiteten. Men litt etter litt målar han stadig meir abstrakt til det berre blir vassrette og loddrette strekar att. Å besøke Astruptunet med elevane som går på vidaregåande skulen i Vassenden kan vere ein god start for å introdusere europeisk målarkunst frå første halvdelen av det 20. århundret. I denne artikkelen ynskjer eg å gje eit døme på korleis nærmiljøet med fokus på naturen, kan takast i bruk i kunstundervisninga.

Abstrahere naturformer  Eitt av kompetansemåla for elevane som går tredje året i formgjevingsfag er å kunne abstrahere naturformer. På nettsider til Utdanningsdirektoratet  kan du finne meir om kompetansemåla. Sidan elevane skal kunne analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå kunsthistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt og kunne gjere greie for samanhengen mellom kunst, politikk og idéhistorie i ulike epokar, er det lurt å knyte ei praktisk oppgåva til ei bestemt kunstretning.

Abstrakt og nonfigurativ kunst  Abstrakt kunst er noko vi knyter til modernismen i kunsten, som er eit paraplyomgrep for ei rekkje kunstretningar og stilartar som går gjennom heile 20. århundre, men som vekte oppmerksemde den fyste halvdelen. Felles for desse retningar er at kunstnarar braut radikalt med tidlegare normer og former for kunst, med alt det tradisjonelle og tilvante og spesielt med røyndomsforståinga til realismen og naturalismen. Det gamle formspråket dugde ikkje lenger, kunsten måtte finne heilt nye uttrykksmåtar.

Verkemidlar  I det moderne abstrakte måleriet ligg hovudvekta ikkje lenger på illusjon av rom men på komposisjon, rytme, form og fargekontrastar: flatheiten på biletet står i fokus. Former og fargar lever sitt eige liv på lerretet. Biletet kunne samanliknast med musikkomposisjonar. På same vis som i musikken skulle former og fargar «klinge». Musikken blei på ein måte modell for det abstrakte måleriet. Det snakkast om «klangverdi» i fargane, eller «fargespill» og det var nok i seg sjølv, det trong ikkje å vere eit bilete av noko. Abstraksjonen, formene og fargane formidla eit uttrykk for ei kjensle, tanke eller ei oppleving.

Ut i naturen  I den fyste delen av oppgåva får elevane teikne og måle nokre studiar og skisser i lite format av tre i nærområdet. Ved hjelp av ulike teknikkar lagar dei fleire komposisjonar der dei ved hjelp av ulike kontrastar skapar opplevingar av rom, lys og stemning i bileta. Desse studiar brukast vidare som utgangspunkt for å lage ein abstrakt komposisjon i eit større format.

Tilbake i klasserommet  Å abstrahere naturformer er for mange elevar ein veldig stor utfordring. Ein føresetnad for å få dette til er difor at elevane blir kjent med spennande abstrakt kunst på førehand. Ved hjelp av lysbilete, bilete i bøker, film og helst eit museumsbesøk, kan læraren motivere og inspirere elevane. Som ein del av oppgåva får dei anledning å velje seg eit eller fleire døme i kunsthistoria frå 1900-talet som kan fungere som eit førebilete. Følgjande kunstnarar kan bli presenterte: Mondriaan, Klee, Schiele, Kandinsky, Robert og Sonja Delaunay. Det abstrakte biletet skal målast i akrylfargar. På slutten av oppgåva lagar elevane ein dokumentasjon der dei skal skrive om førebiletet og på kva måte dette har vore til inspirasjon.

 

Kjelde:

Engelstad, Arne, Interart, Gjennom epokene med litteratur, bildekunst og musikk, Fagbokforlaget, 2003, s. 143 – 166

CC BY-NC 4.0 Ut i naturen med kunstblikk av Monique de Groot er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Monique de Groot, faglærar i kunst, design og formgjeving, 2009
Klassetrinn: Vgs. 3. året
Kommune: Vassenden