Sidemeny+

Turistkommunen Aurland

Posted on 6. mai 2009 by in Pedagogikk

Foto: Thor Andresenall-rights-reserved

Aurland sentrum

Sommaren tek til og nærma seg. Dagane vert lengre og lysare. Aurland tek så smått til og vakna frå vinterdvalen. Næringslivet og innbyggjarane tek til å klargjera seg til nok ein sommar med eit yrande turistliv.

Plassering i kart

Kva er Aurland?
Jau, Aurland er ein vakker kommune som ligg i den søraustlege delen av Sogn og Fjordane fylke, i ein sidearm av den 204 km lange og opp til 1308 meter djupe Sognefjorden. Busetnaden er langs fjordarmane og i dei lengre dalføra i Undredal, Flåmsdalen, Vassbygdi og i Nærøydalen. Ein kan og nemna Aurlandsdalen, men her er det ikkje fast busetnad, men ei mengd med privathytter og turisthytter. Kommunen er delt inn i fire sokn: Vangen, Flåm, Undredal og Gudvangen. Vassbygdi høyrer til Vangen sokn. Aurland grensar mot Lærdal i nordaust, Vik i nordvest, Hol i aust, Ulvik i sør og Voss i vest.

Mykje å oppleva i Aurland
Aurland har ein vill og vakker natur, omkransa av stupbratte fjellside, tronge dalføre og fjordarmar, buldrande fossefall og fjelltoppar på over 1800 meter. Her finn ein mange nære og fine attraksjonar, mykje spennande kultur og historiske tradisjonar og høve for naturbaserte aktivitetar. Aurland er eit unikt spelebrett for deg som er ute etter opplevingar som ein ikkje finn maken til nokon anna plass i verda.

Trøytt?
Etter ein dag med å utforske fagre Aurland, vert nok både liten og stor sliten. Kva er vel då betre enn ei god seng, der ein kan lade batteria til neste dags eskapadar. Klikk her og du vil få ei oversikt over nokre overnattingstilbod som finnest i bygda.

Har du lyst å lesa meir om Aurland?
Klikk deg inn på lenkjene under her og du vil finna mykje spennande lesestoff.
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Gardsbutikken på SJH
Aurland i Wikipedia
Om Aurland i NRK

Her kan du lesa meir om dei andre bygdene i Aurland
Undredal
Undredal
Flåm
Gudvangen


Klikk her, og du vil få opp ei side der eg deler nokon tankar om korleis ein kan nytta dette stoffet i undervisninga

CC BY-NC 4.0 Turistkommunen Aurland av Reimund Loven er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Reimund Breisnes Loven, 2009