Tårn i mange fargar
I kunst og handverk har 3. klasse ved Flatbygdi skule fått prøve seg som arkitektar. Med sugerøyr og pipereinsarar som dei einaste materiala sette dei i gong med eit mål for auge: Å LAGE DET HØGASTE TÅRNET I KLASSEN!
Plassering i kart
Det tårnar seg opp
Etter at me hausten 2008 vart kursa av Henrik Kirkegaard, ein av forfattarane til læreverket i matematikk Multi, vart me inspirerte til å freiste å knyte saman matematikk og kunst og handverk gjennom konstruksjon og design av tårn laga av pipereinsarar og sugerøyr.
I prosjektet valde me å leggje vekt på ulike geometriske figurar. I matematikktimane arbeidde me med ulike tredimensjonale figurar. Me såg på kuler, terningar, prisme og pyramidar. I kunst og handverk studerte me bilete av ulike tårn rundt om i verda, me diskuterte korleis ein har bygd tårn opp gjennom tidene. Me såg på bilete av tårn bygde for mange hundre år sidan og tårn som var bygde for berre nokre få år sidan.
Tårna tek form
Før me kom så langt at me var klare til å byggje tårna, fekk elevane sjansen til å designe sine eigne tårn på data. Me nytta teikneprogrammet Tux Paint til å teikne og utforme ulike tårn i mange fargar. Tårna vart sett saman av ulike geometriske figurar. Nokre sette saman tårnet sitt av kvadrat, nokre prøvde seg med pyramidar, medan andre bygde tårn av sekskantar og åttekantar. Med arbeidsteikningar og hovudet fullt av idear gjekk elevane til verks.
Skeive tårn
Heile opplegget gjekk ut på at elevane i fyrste omgang skulle inspirerast for så å overlatast til seg sjølve. Det vart ikkje lagt føringar for korleis tårna skulle sjå ut eller gitt råd om kva som var den beste måten å byggje på.
Kvar gruppe på tre elevar fekk sitt område skjerma frå dei andre, den einastre som hadde lov til å bevega seg fritt i landskapet var læraren. Det synte seg raskt at dei ulike gruppene hadde heilt ulike tilnærmingar til oppgåva: bygg det høgaste tårnet, som kan stå av seg sjølv. Utstyrt med 300 sugerøyr og 600 bitar med pipereinsarar var det berre fantasien som sette grenser for resultatet, i tillegg til tyngdekreftene sjølvsagt.
Ny dag – nye tårn
Resultata, dei vellukka og katastrofane, låg i bakhovuda våre då me samlast til ny dyst ei veke etter fyrste forsøk. Elevane hadde fått utveksla erfaringar i matematikktimane og alle gruppene gjorde endringar på planane sine. Med friskt mot og ei overtyding som var imponerande gjekk gruppene i gong med del to av tårnbygginga. Det synte seg raskt at alle gruppene hadde vald same teknikk. Dei bygde etter ein modell me hadde snakka om i klassen, der ein nyttar trekantar til å byggje seg oppover. Kva som er den beste måten å byggje på er vanskeleg å sei. Det alle gruppene vart einige om var at det var viktig å byggje med eit godt fundament og at det måtte vera eit beint senter opp gjennom tårnet. Alle tårna som likna deira meir namngjetne slektning i Pisa fekk problem.
Lærdom frå tårna
Arbeidet med tårna, og alle sidespora me kunne ta til ulike fag, gjorde at dette prosjektet var svært givande for både liten og stor. Iveren i bygginga vart berre til tider bremsa av mismod over eit tårn som hadde rasa eller eit tårn som berre ikkje ville stå slik ein hadde tenkt.
Tårn i mange fargar av Ole Kristian Ulvund er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.