Sidemeny+

Sognefjordspennet – digitalt fortalt

Posted on 10. mai 2009 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Ukjendcbn

Denne illustrasjonen stod i lokalavisa Sogn og Fjordane 20.5.1955 og syner Sognefjordspennet innteikna.

Som ledd i at alle bygdene i Sogn skulle få straum laut det trekkast kablar frå sørsida av Sognefjorden over nordsida. Kjelda til straumen var Vikafalli som ligg i Vik kommune og kraftspennet gjekk frå Feios over til Fatlaberget aust for Leikanger. I mange år hadde dette verdsrekord som lengste kraftspenn.

Plassering i kart

Fortalt på ein anna måte
Kraftspennet består av fire kablar som alle er kring 5000 meter lange og når det er flo sjø ligg dei berre 60 meter over sjøen. Når sola er låg kan du lett få auga på kablane. Slik har dei hange sidan 1955. På Digitalt Fortalt finn du ei digital historie som fortel om spennet på ein litt uvanleg måte. Du kan også lesa om spennet i Kulturhistorisk Leksikon.

CC BY-NC 4.0 Sognefjordspennet – digitalt fortalt av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bjarnhild Samland 2009
Kjelder: Kleppa, Hermund: "Verdens lengste kraftledningsspenn", Kulturhistorisk Leksikon 2000
Kommune: Feios og Hermansverk